arrangement

Jul på muséet 2015

Posted on Updated on

Jul 15

Helga 5. – 6. desember byd museet på god gammaldags julestemning i Sunnhordlandstunet.

Lubbesnissane dukkar opp i gamleløa, og barn og vaksne kan delta på juleverkstad eller nyta ei heimabaka julekake i kafeen.

Suksessen frå i fjor, «Pussefure i lubbeverkstaden», av Bjørn Arve Lunde, er tilbake.

Museet byd også på julepynta stover, kafè med heimebakst, og aktivitetar kring om i museumstunet som baking av tradisjonell julebakst og tombola.

I Ådlandsstova kan du treffa lokale barne- og vaksenbok forfattarar som les frå eigne bøker. Stikk innom og slå av ein prat og kjøp flotte julegåver.

Sentralt i tilskipinga står juleverkstad av mange ulike slag. Her kan barn og vaksne laga julepynt eller julegåver saman, med veiledning frå Stord Husflidlag. Juletrea i husa våre er pynta av Ås barnehage!

Nytt av året er ei eiga utstilling om julekort og julehefter «God jul frå alle oss på Solhaug» som du finn i hovudbygget, like ved kafeen.

12279125_918433274908969_3428944658595027697_n

Lag ditt eige julekort på Sunnhordland museum: No er det nye julekortstudioet vårt ferdig. Me har testa det ut i dag.

Opningstider: Laurdag 5. desember frå kl. 11.00 – 15.00 og søndag 6. desember frå kl. 11.00 – 15.00.

Program:

Kl. 12:00:  «Pussefure i lubbeverkstaden»

kl. 13:30: «Pussefure i lubbeverkstaden»

Pris: 50.- for born, kr. 100.- for vaksne

Reklamer

Klosterdag 2013 – Halsnøy kloster startar sommarsesongen med ope hus søndag 9. juni.

Posted on

Klosterdag 2013 – Halsnøy kloster startar sommarsesongen med ope hus søndag 9. juni. 

Klosterdagen er ein tradisjonsrik minifestival i Kvinnherad der gode kunst- og kulturopplevingar står i sentrum. I år vert det spanande kunstutstilling i Klostergalleriet med biletkunstnar Mette Torvund, som er busett på Halsnøy, lokalhistorisk føredrag med Gunn Marit Sæbø Meyer og konsert med solistkvartetten Membra, der blant anna kvinnheringen Tore Kloster er ein av songarane.

Dagen har mange høgdepunkt og eitt av desse vert opning av Kulturløypa i landskapet kring Halsnøy kloster. Her vert det «klypping av snor, kveikjing av eld og ord for dagen» som Bjørn Arve Lunde ville sagt det.

 Foto: Marie Docher

Kulturløypa er komen til gjennom eit samarbeid med Venelaget for Halsnøy kloster, Sunnhordland museum og Hordaland fylkeskommune. Kulturløypa er finansiert av Riksantikvaren, lokalt næringsliv og Havforskingsinstituttet.

Om Aktørane:

Bilde tatt 10.03.2012 kl. 12.32 #2Mette Torvund , født 1973, er oppvaksen i Sandnes. Dei seinare åra har ho og familien vore busett på Halsnøy i Kvinnherad.Torvund arbeider med maleri, teikning og foto. I denne utstillinga vil ho visa abstrakte måleri inspirerte av naturen, figurative teikningar og foto som går tett innpå og tenderer mot det abstrakte. Arbeida/verkene er laga i perioden 2002 – 2013.

Ho tek i bruk prosessar frå naturen, som froststrukturar, regn og ild. Materialar/element som jord, ild, vatn og voks, vert nytta eller får spela ei rolle.

Mette Torvund er utdanna ved kunstakademiet i Trondheim/NTNU, der ho i hovudsak arbeidde med måleri, men også ein del med foto og andre teknikkar.

IMG_7721-copyLokalhistorisk føredrag med Gunn Marit Sæbø Meyer : «ved kanten av stupet»

Frå forlaget: «Hvordan kan en leve med tap, savn og sykdom på samme tid som det er rom for humor, lek og håp? Gunn Marit Sæbø Meyer har skrevet en bok om hvordan menneskene i et lite og isolert bygdesamfunn møter sykdommen med de lange armene, tuberkulosen. Hun følger en 14-årig jentes kamp mot sykdommen fra de første forsiktige tegnene til hun sendes til Luster Sanatorium. Her tilbringer hun 11 mnd. Boken bygger på en sann historie og er rikt illustrert både i sort/hvitt og i farger.. Forfatteren Elisabeth Aasen sier dette om Meyer og boken hennes: «Et skjønnlitterært talent og en dramatisk og viktig bok.»

Gunn Marit Sæbø Meyer har tidligere skrevet to bøker for barn og ungdom: En om Kitty Kielland og en om Amalie Skram. Dette er hennes første bok for voksne og på eget forlag.»

DSC_9543Havforskningsinstituttet ved Øystein Skaala: Skaala vil gi en orientering om tanken og bakgrunnen for instituttet sitt informasjons-skilt i kulturløypa i samband med instituttet sin formidlingsrolle om Hardangerfjorden i Skarvasteinen og Hardangerfjordprosjektet EPIGRAPH .

 

 

 

 

 

4472_2 copyMembra solistkvartett på Halsnøy Kloster.

Klosterdagen Sundag 9. juni kl 1600 syng Membra solistkvartett ein utandørs korkonsert utanom det vanlege på Halsnøy Kloster. Membra solistkvartett består av dei fire songarane Ingvill M. Holter, Åsne Kvamme, Tore Kloster og Olav Veierød.

Forutan å syngja saman på «vanleg» vis, tek dei i bruk røyr og megafonar for skapa heilt nye klanglege opplevingar. Repertoaret er variert: Frå tøys og tull og publikumsfrieri til gregoriansk song og vakre sommarsongar. Det er ein konsert for dei som likar god song, men også for dei som er nyfikne på litt vokal leik.

Membra solistkvartett består av profesjonelle songarar med lang erfaring frå både solo- og ensemblesong. Dei ynskjer å gje publikum ei god konsertoppleving gjennom klangar og presentasjonsformer som er nye og spennande. Smakfullt blanda saman med kjende og kjære songar som høver utandørs i sommartida. Kvartetten er oppteken av å finna den hårfine balansen mellom å vera solist og korsongar, og dei ynskjer i den eine augneblinken å vera eit homogent kor, for så å vera fullblods solistar. Opptrinnet på Halsnøy er ein del av ein liten Sunnhordlandsturné. Den samme konserten vil bli å høyra på torgdagen i Skånevik på laurdagen. Membra presenterer også ein annan konsert, saman med pianist og organist Knut Christian Jansson, i Valen og Nysæter kyrkjer.

 

Program Klosterdagen 2013:

 

Kl. 13.30 – 14.00: Klosterkaféen opnar i gamle kjøkenet

Kl. 14.00 – 14.15: Opning av sommarutstillinga2013. Biletkunstnar Mette Torvund. Musikkinnslag ved Membra

Kl. 14.30 – 15.00: Lokalhistorisk Føredrag med Gunn Marit Sæbø Meyer med utgangspunkt i boka hennar « Ved kanten av stupet» – om korleis menneskene i eit lite og isolert bygdesamfunn møter sjukdommen med dei lange armane, tuberkulosen. Boka vil og vera for salg denne dagen på Halsnøy Kloster.

Kl. 15.45 – 16.00: Opning av Kulturløypa i landskapet kring klosteret. Opning  og orientering ved leiar i Venelaget for Halsnøy Kloster, Toril Romsø , forskar og biolog Øystein Skaala frå Havforskiningsinstituttet og Jane C.S. Jûnger frå Sunnhordland Museum.

Kl. 16.00 – 17.00: Konsert m solistkvartetten Membra

Songar og Sonettar av William Shakespeare

Posted on Updated on

Vi tenner i peisen, fyller varmt i koppene, korter ned vinteren litt og ønsker velkommen inn i stuene til et musisk-litterært program:

«Songar og sonettar av William Shakespeare»

med Per Olav Kaldestad, forfatter, Aasmund Kaldestad, tenor og Vegard Lund, lutt/teorbe.

Onsdag 6. mars, kl. 19.30 i stuene på Halsnøy kloster, bill. kr. 150.-

Programmet er støtta av Norsk Forfattersentrums Medlemsfond

Om aktørene

william_shakespeare WILLIAM SHAKESPEARE OG MUSIKKEN

William Shakespeare (1564-1616) var framfor alt dramatikar.  Det meste av diktinga hans er skapt for munnleg    framføring, den er dikting for øyret og for augneblinken.  Den viktigaste grunnen til at han blei så populær i samtida, og så stor i ettertida, er hans eineståande evne til å uttrykkja komplekse tankar så enkelt, slåande og berørande.  Og det som mest av alt fyller diktinga hans med eit sterkt fysisk nærvær, er den gjennomførte musikaliteten i språket.  Tenk berre på nokre av dei mest kjende Shakespeare-sitata som er rivne ut av samanhengen sin og spreidde omkring:

«All the world’s a stage/and all the men and women merely players”

”We are such stuff/ as dreams are made on”

”Th’ expense of spirit in a waste of shame/is lust in action”

Felles for alle er den fint avrunda tonegangen med utsøkte variasjonar i klang og rytme.

Shakespeare sine sonettar er òg, trass i si grunnleggande skriftlege natur, fulle av musikk – det siste av dei nyss siterte eksempla er opninga av hans sonett 129.  I desse dikta kan me sjå tydeleg korleis klang, tonegang og rytmeføring er nøye knytt til det tematiske forløpet i teksten. 

Les resten av dette innlegget »

Kunstnere på plass!

Posted on Updated on

Endelig!!  nå er de her,- Matthew Yates og Rosanna Salonia, i full sving med klargjøring av utstilling og installasjoner med arbeidene de har gjort under sitt kunstneropphold på klosteret i 2010. Og det er bare å glede seg, for dette blir MAGISK!! 🙂
Finally!! – they’re here, Matthew Yates and Rosanna Salonia, now getting ready the exhibition and installations of their work from the residency-period at the kloster in 2010. REALLY looking forward to this,- ’cause this will be MAGIC!! 🙂

Ny Fotoworkshop på klosteret – 31.05- 03.06!

Posted on Updated on

This is a must!!!

Om du har ønsker om å bli en bedre fotograf, , søke ditt personlige utrykk, få et historisk perspektiv, prøve ut forskjellige tilnærminger, leke , skape,- sammen med andre,  kan vi anbefale denne worshopen på det varmeste!

Mer om Øyvind Hjelmen finner du her : http://www.oyvindhjelmen.com/

Vi invterer igjen til intensiv og inspirerende fotoworkshop med fotograf Øyvind Hjelmen på Halsnøy Kloster : WORKSHOP 2012

Ny Fotoworkshop på klosteret – 31.05- 03.06!

Posted on Updated on

Vi invterer igjen til intensiv og inspirerende fotoworkshop med fotograf Øyvind Hjelmen på Halsnøy Kloster : WORKSHOP 2012