Halsnøy kloster

Om Halsnøy Kloster

 

På øya Halsnøy i innløpet av Hardangerfjorden, Kvinnherad kommune ligg ruinane etter eit Augustinerkloster bygd kring 1300. Men klosterdrifta på staden kan sporast attende heilt til 1100-talet.

Halsnøy Kloster er i dag eit av fleire historiske tun i Sunnhordland museum sine samlingar og blir drifta som eigen avdeling, som museum og ein aktiv kulturarena. Museet har ein tilsett i 70 prosent stilling, Helén Petersen, som syter for å organisera dei ulike aktivitetane, mens musèet sin øvrige tilsette tek seg av den musèale delen.Gjennom heile året finn du små og store tilskipingar som omvisingar, utstillingar, føredrag, konsertar og den årlege «klosterdagen» med rikt program for store og små. Museet har eigne undervisningsopplegg for skulane.

Det er også mogleg å leiga lokale på Halsnøy kloster til møte og andre arrangement. Klosteret er godkjend som vigslingsstad, og blir brukt både av Den norske kyrkja og Human-etisk forbund.

Kontordagar er tysdag, onsdag og torsdag året rundt, med utvida opningstider i sommarsesongen. Ta kontakt for eventuelle omvisingar og anna.

Halsnøy Kloster er også del av Riksantikvaren sitt ruinprosjekt, som går fram til 2020.

 

 

 

 

 

 

 

Reklamer

3 thoughts on “Halsnøy kloster

    I sin Tid – In her Time | dokosite said:
    14. april 2016, kl. 10:47

    […] Halsnøy Kloster  […]

    Bjarte Skulstad Solvang said:
    7. oktober 2012, kl. 17:01

    Jeg ønsker at jeg kan, ta en tur til å besøke til dette stede, fra Bjarte.

    Bjarte Skulstad Solvang said:
    7. oktober 2012, kl. 16:58

    Jeg er veldig inntrissert i dette, og jeg har lest det som har opplevd det det store som har skjedd i det siste årene. Mitt navn er Bjarte Skulstad Solvang kommer i fra Haugesund jobber med Photograf som jeg har mitt eget og jeg hjelper mennesker som har vanskligheter og hjelpe de som har angst og sånne ting, dette er mit logo navn som hetter SP&V solvang photo & video, hilsen i fra Bjarte S Solvang.

Kommentarer er stengt.