siste nytt

Fyrste A.i.R – opphald i 2017

Posted on Updated on

Gabriela Morawetz og Jane Fulton Alt sitt opphald på klosteret er snart til endes. I løpet av dei 3 vekene dei har vore her har dei ikkje berre arbeida med eigne ting men og  vore med å feira 17.mai, hatt kunstnarpresentasjon i stovene, vore på utstillingsopning i Uskedalen, vore intervjua av Kvinnheringen og feira Jane si fødselsdag. Med andre ord rikhaldige veker. Dei ynskjer og å takka dei som har stilt opp som modeller til prosjekta deira. Det vert spanande å sjå kva dei kjem attendes med til neste år.

Poesi i bilete, ord og tonar

Posted on Updated on

Poesi stod i høgsetet på Halsnøy kloster denne fyrste søndagen i mai. I strålande sol kunne vi ta imot alle som strøymde til for å oververa opning av utstillinga «Poestisk stille og Dyrisk poesi» og konserten «Enno ein gong».

Aurélia Frey, kunstnar og Jan Petter Myhre, SKL A/S

Først ut var  utstillinga med bilete av Aurélia Frey og Giacomo Brunelli, som vart behørig opna av representant frå SKL A/S , Jan Petter Myhre. Frey og Brunelli hadde 3 vekers kunstnaropphald i 2016 og syner med denne utstillinga delar av arbeida som vart til under opphaldet deira. Aurélia Frey syner berre omlag halvparten av av arbeida gjort her på klosteret, Den store utstillinga var i Bordeaux, den kan du sjå HER. SKL er vår mangeårige samarbeidspartnar og sponsor som vi ikkje kunne klart oss utan. Det var difor stas at dei kunne vera tilstades og stå for opninga denne dagen. Stas var det og å åpne utstilling med flunkande nye rammer frå Rammemakaren på Stord, generøst sponsa av Venelaget for Halsnøy kloster. Kvelden vart starta i grøne stova med eit aldri så lite musikalsk innslag med Tore Kloster og Ingunn Ådland, som saman framførde Schumann.

Utstillinga vart særs godt tatt imot av publikum og nokre av modellane til Frey fekk med seg eit lite bilete som takk for innsatsen. Enno er her fleire igjen, så vi vil oppmoda dei som har vore modellar om å ta turen til klosteret, både for å sjå utstillinga og hente bilete av seg sjølv. Utstillinga varer til 4. juni.

Etter opninga var det eit lite intermezzo med open kafé før ein kunne sessa seg i grøne stova for vakker konsert. Trioen Njål Bokn,Ingunn Ådland og Tore Kloster tok for seg Åsmund Olavson Vinje sine tekstar som var tonesett av Edvard Grieg. Interessante litterære kommentarar med snert om tekstane til Vinje og Grieg sin tonesetting vart framført av Bokn, før vi fekk høyre dei så kjende songane framførde og tolka av Ingunn Ådland ved pianoet og Tore Kloster sin song.

Klosterområdet  bada i vårsol denne tidlege kvelden i mai var med å gjere dette til gilde timar for alle dei frammøtte. Takk til kvar og ein som kom og delte stunda.

(Under finn du bilete frå dagen og nokre videosnuttar fra konserten.)

 

This slideshow requires JavaScript.

«Enno ein gong» – eit nytt blikk på Vinje-songane

Posted on Updated on

plakat konsert 7 mai copy

KONSERT i STOVENE

I etterkant av utstillingsopninga sundag 7.mai, Kl 19.00  inviterer vi til konserten

«Enno ein gong» – Eit nytt blikk på Vinje-songane.

Medverkande:  Njål  Bokn,  litterære kommentarar,  Ingunn Ådland, piano  og Tore Kloster, tenor  

I 1880 komponerte Edvard Grieg musikk til dikt av Aasmund Olavson Vinje. Opprinneleg var det 15 songar, men Grieg valde å utelate tre av dei.

Bakgrunnen for denne konserten er erkjenninga av at Grieg ikkje nødvendigvis nytta tekstane slik Vinje skreiv dei. Dette har gruppa granska i og late det munne ut i eit konsertføredrag der dei originale tekstane vert nytta, og der historiane kring tekstane vert belyst.

Dei tek også med dei Vinje-songane Grieg ikkje tok med i sitt opus 33.

Les resten av dette innlegget »

POETISK STILLHET OG DYRISK POESI – UTSTILLING OG KONSERT PÅ HALSNØY KLOSTER

Posted on Updated on

Utstillinga POETISK STILLHET OG DYRISK POESI

Våren er på frammarsj og det betyr auka aktivitet på Halsnøy kloster. Allereie fyrstkommande sundag ynskjer Sunnhordland Museum velkomen til utstillinga ”Poetisk Stillhet og Dyrisk Poesi” på Halsnøy Kloster. Utstillinga syner resultata frå Frey og Brunelli sine kunstnaropphald ved klosteret i mai i fjor.

 Utstillinga vert opna av Jan Petter Myhre / SKL

MERK: etter opninga vert det konsert ved Tore Kloster, Ingunn Ådland og Njål Bokn i klosterstovene

Aurélia Frey bur og arbeider i Arles i Frankrike.  Ho har hatt fleire utstillingar i Frankrike, og har vore utvald til ei rekkje kunstnaropphald, mellom anna ved Picasso museet i Antibes.

Hennar interesse ligg i skjæringspunktet mellom litteratur, maleri og fotografi, og ho har lenge vore svært opptatt av dei norske forfattarane Tarjei Vesaas og Olav H. Hauge, og biletkunstnaren Anna Eva Bergmann.

 

Beneath Life is Silence (Bak livet er stillhet) er tittelen på prosjektet ho laga under opphaldet på Halsnøy Kloster.

Dette er inspirert av Vesaas si siste prosa bok Båten om kvelden, og Aurélia sin respons til hans verd og hans forhold til naturen.

”Eg er  oppteken av Vesaas si utforsking av overgangar, mellom godt og vondt, skugge og lys, vatn og jord. Slik tankane vandrar mellom tåke og klårheit, røyndom og draumar. Slik tida vert hengande mellom liv og død. Hans sterke forhold til den verkelege verda,  karakterane  som er merkelege, men tydelige, alltid litt distansert frå resten av menneskeheita.

Desse overgangane mellom det konkrete og det abstrakte er det eg prøver å fange i mitt eige arbeid, ved å utydeleggjere grensene mellom fotografi og maleri. Å gå inn i Tarjei Vesaas si verd, – ei verd av jord og vatn, is og skogar, snø og tåke, – er som forfattaren sjølv seier: ikkje for å forstå, men å vera nær det som skjer”.

Giacomo Brunelli er frå Perugia i Italia, men bur og arbeider i London. Arbeida hans har vore utstilt over store deler av verda, og han er innkjøpt til fleire internasjonale kunstsamlingar og museum. Han har motteke fleire prisar, og har gjeve ut tre bøker. The Animals har vore Giacomo sitt hovudprosjekt sidan 2005, og er eit prosjekt som stadig går vidare. Giacomo karakteriserer måten han fotograferer dyr på som ”dyrefokusert gatefotografi”, han går gjerne svært nær dyra slik at dei er nøydde til å forhalde seg til han og kamera. Han tilbrakte mykje tid blant dyr då han var barn, og han meiner dette er årsaka til at han er svært fascinert av dei.

På klosteret arbeidde han vidare med dyrebilder, men gjerne i utstrakt tyding, og han syner ein del av desse på utstillinga. Giacomo arbeider på tradisjonelt vis med fotografi, han fotograferer på film, og lagar bildene sjølv i eige mørkerom.  Resultatet er stemningsfulle, poetiske skildringar av dyr i forskjellige fasar og situasjonar.

Aurélia Frey vil vera tilstades ved opninga.

Kunstnaropphaldsprogrammet er støtta av SKL

KONSERT

Kl 19.00  same kveld inviterer vi til konserten «Enno ein gong» – Eit nytt blikk på Vinje-songane.

Konserten vert i stovene på klosteret. Inngong kr. 150.-

Medverkande: Njål  Bokn,  litterære kommentarar,  Ingunn Ådland, piano, Tore Kloster, tenor.

For informasjon om Klosteret, opningstider og anna, kontakt Sunnhordland Museum

hkl@sunnhordland.museum.no, tlf. 53413899/ 48130020

For meir informasjon om utstillinga og AiR prosjektet, kontakt Øyvind Hjelmen

(kunstnarleg leiar for AiR-prosjektet)

tlf 9008 0778 eller oh@oyvindhjelmen.com

 

 

Refleksjonar, diskusjonar og planar – Ruinseminaret 2017

Posted on Updated on

Ikkje før hadde vi lagt påskeveka bak oss så vart det gjort klart til det årlege ruin-seminaret med deltakarar frå Riksantikvaren, NIKU, Bergen Kommune, Sunnhordland museum, murar  og gjester frå  Venelaget for Halsnøy kloster.

Seminaret er årvisst ( siste 10 år) og ein har gjennomgang  og synfaring av det som vart gjort av konservering i føregåande år og ein diskuterer seg fram til  prioriteringar og løysingar for arbeidet i inneverande år. Mellom synfaringar og diskusjonar er det bevertning , fleire meiningsutvekslingar  og høve til å varma seg litt . Alle tilreisande deltakarar bur på huset.

Berre nokre veker i forkant vart det som syner av korsgangen hellelagt på nytt. Ein ser seg framleis ikkje heilt ferdig her, men den framstår no meir forståeleg enn før og dette arbeidet fortset i 2017. Referat frå seminaret kjem.

Påskeutstillinga «impulsar og refleksjonar» er no opna og sesongen er igong!

Posted on Updated on

Tradisjonen tru opna Påskeutstillinga på klosteret Palmesundag. Denne gong med kunstnargruppa HAUK som består av dei fire kunstnarane  Anneli Belsvik Aras, Silje Iren Bergsvik, Ruth Mallinson, og Wim van den Toorn . Medlemmene er busette i Bergen, Kvam og Bømlo, og med røter på Stord, Sotra, Skottland og Nederland. Dei er alle profesjonelle kunstnarar, men med ulik bakgrunn og fagområde. Dei starta HAUK med tanke på, og ønskje om, å inspirera kvarandre, læra og oppdaga nye uttrykk gjennom å jobbe saman.
Medlemmene i HAUK har alle ein naturleg inngangsport til å arbeide med grafikk, men via ulike teknikkar og uttrykk som dei og visar i klosterkjellaren.  Utstillinga er interessant, variert og godt samansett av dei 4 som tydeleg har jobba godt saman og har nytta helga til å montere og klargjere utstillinga ilag. Utstillinga har og motteke støtte frå Hordaland fylkeskommune.

Godt og vel eit 50-tals frammøtte fikk med seg opninga  som fekk tonefylgje av André Eide på medbrakt piano. Han framførde vare tonar av både J.S. Bach og E. Grieg. Alle kunstnarane var tilstades og kunne svara på spørsmål frå publikum.God stemning både i kjellaren og i kaféen, der dei framøtte, store og små,  nytte høvet til kaffi og drøs. Takk til alle som kom!

This slideshow requires JavaScript.

Imorgen kl.17.00!! :D

Image Posted on Updated on