Forfatter: Helen Petersen

Jul på muséet

Posted on Updated on

Førjulas høgdepunkt?

Velkomen til «Jul på museet» i Sunnhordlandstunet i Leirvik, laurdag 2. desember kl. 11.00 -15.00.
I år opnar me ny kristtornutstilling på tradisjonsrike «Jul på museet»!
Heile dagen er det open kafé, mykje godt til sals i krambua, kransebinding, juleverkstad for barn, kakebaking, sal av lokalhistoriske bøker, ope i utstillingar og servering av gløgg.
Me garanterer julestemning med mange aktivitetar for store og små. Ta turen – dette blir kjekt!
Fullstendig program finn du her:
Program

Reklamer

Konsert med April i Klosteret – i september..

Posted on Updated on

Torsdag 28. september, kl 16.00, inviterar vi til flott konsert i klosteret med ungdomskoret April frå Russland. Dette vert også det siste opne arrangementet på klosteret for året.

Koret April er frå byen Gatchina, utanfor St Petersburg. Dei er på vitjing i Bergen etter invitasjon frå Sankta Sunniva kammerkor under leiing av Tore Kloster.

Sidan det norske vertskapet ynskjer å syna dei unge songarane frå Russland det beste me har, kjem dei på konsert-tur til Halsnøy Kloster!

Både russiske og klassiske, vestlege tonar. 

Koret syng sjølvsagt russisk musikk, men vi vil óg få høyra både klassiske og nyare komposisjonar av vestlege komponistar. April vart stifta for 9 år sidan, og er eit tilbod til jenter og gutar i alderen 12-17 år. Dirigent er Elena Kosareva. Alle songarane er utdanna på ein musikkskule heime i Gatchina.

 

Dei deltek ofte på festivalar og tevlingar i og utanfor Russland, og seinast –  berre for nokre veker sidan – på den kjende festivalen i Marktoberdorf i Tyskland.

Det er grunn til gle seg til å høyra denne sympatiske gruppa på Halsnøy!

Kulturskulerektor Kirill Zimin kjem også med ei helsing frå Kvinnherad kulturskule.

Konserten vare i 50 minutt og har gratis inngong, men vi set pris på om du nyttar deg av tilbodene i kafeen på kjøkenet.  Utstillinga vil sjølvsagt også vera open denne ettermiddagen. VELKOMNE!

Kulturminnedag med ”NOVELLER, REALITETAR OG MAGI”

Posted on Updated on

 

 

”NOVELLER, REALITETAR OG MAGI”

ARTIST – IN – RESIDENCE UTSTILLING PÅ HALSNØY KLOSTER,

10. september – 8. oktober 2017

Fran Forman (USA), Sophie Zenon (Frankrike), Louisa Marie Summer (Tyskland/USA)

Utstillingsopning sundag 10. september kl 17.00

Utstillinga vert opna av forfattar Anne Karin Fonneland

Sunnhordland Museum ynskjer for 15. gong velkomen til utstilling i samband med kunstnaropphalda på Halsnøy Kloster. Det er tre markante kvinner som syner resultatet av opphaldet på Halsnøy i august / september i fjor. Alle tre har oppnådd stor merksemd internasjonalt med arbeida sine innanfor kvar sin retning.

Arrangementet er del av dei nasjonale kulturminnedagane. og vi har og omvisingar kl 14.00 og 15.30

 

Fran Forman arbeider med digital collage, det vil seie at ho tek utgangspunkt i eksisterande bilder, anten gamle bilder ho kjem over, eller nye bilder som ho lagar til føremålet. Desse bilda monterer ho saman digitalt, og lagar sine magiske og surrealistiske små forteljingar.

I dette tilfellet er alle grunnlagsbilda fotografert på Halsnøy i 2016, og det vert kun laga to eksemplar av kvart bilde.

Fran skriv om opplevinga si på Halsnøy, og prosjektet ho har kalla ”Midnight Sun”:

”I landet der sola når inn i natta, eit diffust lys gjev ein aura av mysterier og magi.

Fragment av draumar kjem og forsvinn, medan tida verkar å stå stille.(…) dette er augneblinkar av magi, der lyset og mørket blandar seg saman, der du skjønar at utan skuggen kan du aldri nyte lyset..”

Fran Forman har mastergrad i Fine Arts frå Boston University, og er i tillegg utdanna i sosiologi. Ho har hatt tallause utstillingar, og er innkjøpt i mange offentlige og private samlingar. Blant mange publikasjonar kan nemnast den prisvinnande boka ”The Escape Artist”.

Sophie Zenon bur og arbeider i Paris. Ho fekk sterke opplevingar då ho fotograferte i Mongolia på 90-talet, og fatta interesse for korleis ulike folk tenkjer kring liv og død, sjamanisme og anna mystikk. Ho arbeider og med si eiga familiehistorie.

På Halsnøy har ho laga ein serie med små historiar i biletform, og oppfordrar betraktarane til å finne sine eigne historiar i prosjektet ”Short Stories at Halsnøy Kloster”. Ho seier: ”På denne staden, borte frå verda, ein stad eg opplevde verken verkeleg eller uverkeleg, fann eg drivstoff til fantasien min.

Historiane framsto som i eit spanande lukka rom der hovudpersonen vert konfrontert med eigne minne, og møte med menneske som har gått bort.”

Sophie Zenon har mange utstillingar bak seg, over store delar av Europa, og har gjeve ut ei rekkje bøker. Ho har og motteke fleire prisar for arbeida sine.

Louisa Marie Summer bur i New York og München, og arbeider over store deler av verda med å dokumentere dagleglivet til menneske som slit.

Ho er ein visuell historieforteljar som er sterkt oppteken av sosiale forhold, og seier at for henne betyr fotografiet å nærma seg andre menneske sine liv med nysgjerrighet, respekt og empati.

På Halsnøy opplevde ho eit sterkt og godt samansveisa lokalsamfunn der alle kjenner alle, og ho vart snart kjend som fotografen som vinka og ville ta bilde av folk.

”Då eg reiste frå klosteret tok eg med meg dei vakre og intime møta eg hadde hatt med folk på øya. Eg opplever at portretta mine reflekterer noko av øya sin ande, eg opplever folk på øya som venlege, gjennomtenkte, om enn noko reserverte. Dei har ei naturleg indre kraft, som eit tre som bøyer seg i vinden utan å knekke”.

Louisa har hatt utstillingar i mange land, og bilda hennar er publisert i aviser og magasin.

Ho har gjeve ut tre bøker, den siste – ”Jennifer´s Family” – kom i 2012.

 

For informasjon om Klosteret, opningstider og anna, kontakt Sunnhordland Museum

hkl@sunnhordland.museum.no, tlf. 53413899/ 48130020

For meir informasjon om utstillinga og AiR prosjektet, kontakt Øyvind Hjelmen

(kunstnarleg leiar for AiR-prosjektet) tlf 9008 0778 eller oh@oyvindhjelmen.com

Kunstnaropphaldsprogrammet er støtta av 

 

Tre veker nærmar seg slutten..

Posted on Updated on

I 2 veker har fotografane Zhen, Natan og Naoyuki no oppheldt seg på Halsnøy kloster. I løpet av denne tida har dei så langt fått med seg filmpremiere, hatt kunstnar-presentasjon, vore på rundtur i delar av Sunnhordland og delteke på open dag på muséet, der dei fekk ta del i aktivitetane og sjå forestillinga «Skarvane på Utrøst» med Johanne. Øvstebø Tvedten.

Alt mens dei jobbar iherdig med sine eigne prosjekt.  Enno er det ei veke igjen før dei reiser heim, og vi ser resultata først neste år.

Neste post på programmet her på klosteret er utstillingsopning sundag 10. september kl 17.00..meir kjem!

Bileta under gjer eit lite innblikk i dagane deira her.

 

Denne lysbildefremvisningen krever JavaScript.

Endelig utvalg for A.I.R 2018

Posted on Updated on

Det endelige utvalget av fotokunstnere er i disse dager gjort og vi er glade  for å kunne annonsere finalistene under.
Vi Gratulerer!
 AiR Halsnøy Kloster 2018, Final selection:
 
 TIM PARCHIKOV
PHILLIPE BRAQUENIER
ANNE-SOPHIE COSTENOBLE
DANIELA FRIEBEL
KLARA SOFIE LUDVIGSEN

Magisk kveld med filmpremiere i kloster-ruinene.

Posted on Updated on

Det ble en magisk kveld ute i kloster-ruinene i lørdag kveld, med dans, musikk, lys, bildeutstilling og filmpremiere av filmen «Sjelsstyrke» av Brit Johanne Eide Landa frå Halsnøy. Godt over 200 publikummere stilte opp og fekk med seg ein vakker og sterk oppleving.  Det har vore ei glede og ei spennande reise å få ta del og tilrettelegge, både før, under og etter arbeidet med premieren.

Takk til alle som kom! Og takk til alle gode hjelpere fra Venelaget.. og ikke minst Takk til Brit Johanne og hele «teamet» hennes. Vi håpar de vil vera med oss også i framtida når vi presenterar nye opplevingar
Ei opplevingssrik helg er. Deler nokre minner via bilder under tatt av  Natan Dvir, Sirma Aksüyek og Øyvind Hjelmen.

Denne lysbildefremvisningen krever JavaScript.

Sett av datoen!

Bilde Posted on Updated on