Utstillinger

2018:

«Celebert taffel»- Hatt og hodeplagg – Sommerutstilling 2018

Om Kirsti Nordberg Moe og utstillinga Celebert taffel:

Utstillingen er laget som en borddekning/ et taffel med utgangspunkt i begrepet ”Krone”. Da dette assosieres med høyere sjikt, blir gjestene ved bordet hentet derfra. Bordet er dekket til Norges førstedamer i det 20. hundreåret.

Diadem som bordkort gir assosiasjon til dronning Maud, kronprinsesse Märtha, prinsesse Astrid og dronning Sonja.

Kandelabre er Osebergdronningens mulige hodeplagg, – bak gløder ”Sareptas krone”. Taffelets lysekrone er Seierskransen.

Bordpynt, bestikk og champagneglass, – gjenstander som galant kan høre hjemme i modistverkstedet.

Andre gjester er også bedt inn til taffelet. ”Hardangerbruden” troner i et hjørne,- i bakgrunnen anes dronningene Nephertiti og Kleopatra, – og ikke å forglemme Huldra og Narren. Frihetsstatuen har også en krone, – kanskje litt mindre skinnende enn før.

Våre formødre er opphøyet med sitt adelsmerke, skurekoneskautet. Celebert taffel er dekket for høy og lav byrd.

I forlengelse av Taffel- installasjonene i den Rød stuen blir også utstilling i kjellergalleriet med både hatter, bilder, og historiske tekster om modistfaget.

Kirsti Nordberg Moe: Tok fagprøve som modist i 1990 etter læretid i NRK-fjernsynet, og har foretatt studiereiser i Skandinavia (1992-95) og i England (2006).

Hun har i mange år hatt atelier på «krambuloftet» i Sunnhordlandstunet, Sunnhordland Museum og har hatt utstillinger i store deler av Norge og i utlandet.

Hun har også mottatt flere priser for produkt og ideer.

”SPÅDOM OG SKIMRANDE ERINDRING”

ARTIST – IN – RESIDENCE UTSTILLING PÅ HALSNØY KLOSTER

20.mai – 10. juni 2018

 Jane Fulton Alt (USA), Gabriela Morawetz (Polen/Frankrike), Naoyuki Ogino (Japan),

Natan Dvir (Israel/USA), Zhen Shi (Kina/Frankrike)

 Utstillingsopning sundag 20. mai kl 17.00

Utstillinga vert opna av rådgjevar for kultur og idrett i Kvinnherad kommune,

Linda Øen. Musikalske innslag av Tiril Eirun Einarsdotter, fele.

Sunnhordland Museum ynskjer på ny velkomen til utstilling i samband med kunstnaropphalda på Halsnøy Kloster.  I år har vi vald å samle alle dei 5 kunstnarane som var på opphald i fjor, til ei stor gruppeutstilling.

Denne gongen vert ein større del av huset nytta til utstillinga, og mellom anna vil eitt av verka verta synt i nordfløyen på klosteret.

Det er ei verdsomspennande gruppe kunstnarar som syner sine inntrykk frå opphalda sine i 2017. Dei representerer på ein svært god måte eitt av måla for Halsnøy kloster, som er å drive fram kultur og kulturutveksling.

Verka varierer frå direkte interaksjon med naturen, via dokumentasjonsfotografi, til video og Voluspå. Og kva gjer ein kunstnar når ho etter å ha avslutta tre vekers arbeid på klosteret mister alt ho har laga dei siste to åra?

2017:

 

”NOVELLER, REALITETAR OG MAGI”

ARTIST – IN – RESIDENCE UTSTILLING PÅ HALSNØY KLOSTER,

10. september – 8. oktober 2017

Fran Forman (USA), Sophie Zenon (Frankrike), Louisa Marie Summer (Tyskland/USA)

Utstillingsopning sundag 10. september kl 17.00

Utstillinga vert opna av forfattar Anne Karin Fonneland

Sunnhordland Museum ynskjer for 15. gong velkomen til utstilling i samband med kunstnaropphalda på Halsnøy Kloster. Det er tre markante kvinner som syner resultatet av opphaldet på Halsnøy i august / september i fjor. Alle tre har oppnådd stor merksemd internasjonalt med arbeida sine innanfor kvar sin retning.

Arrangementet er del av dei nasjonale kulturminnedagane. og vi har og omvisingar kl 14.00 og 15.30

 

Fran Forman arbeider med digital collage, det vil seie at ho tek utgangspunkt i eksisterande bilder, anten gamle bilder ho kjem over, eller nye bilder som ho lagar til føremålet. Desse bilda monterer ho saman digitalt, og lagar sine magiske og surrealistiske små forteljingar.

I dette tilfellet er alle grunnlagsbilda fotografert på Halsnøy i 2016, og det vert kun laga to eksemplar av kvart bilde.

Fran skriv om opplevinga si på Halsnøy, og prosjektet ho har kalla ”Midnight Sun”:

”I landet der sola når inn i natta, eit diffust lys gjev ein aura av mysterier og magi.

Fragment av draumar kjem og forsvinn, medan tida verkar å stå stille.(…) dette er augneblinkar av magi, der lyset og mørket blandar seg saman, der du skjønar at utan skuggen kan du aldri nyte lyset..”

Fran Forman har mastergrad i Fine Arts frå Boston University, og er i tillegg utdanna i sosiologi. Ho har hatt tallause utstillingar, og er innkjøpt i mange offentlige og private samlingar. Blant mange publikasjonar kan nemnast den prisvinnande boka ”The Escape Artist”.

Sophie Zenon bur og arbeider i Paris. Ho fekk sterke opplevingar då ho fotograferte i Mongolia på 90-talet, og fatta interesse for korleis ulike folk tenkjer kring liv og død, sjamanisme og anna mystikk. Ho arbeider og med si eiga familiehistorie.

På Halsnøy har ho laga ein serie med små historiar i biletform, og oppfordrar betraktarane til å finne sine eigne historiar i prosjektet ”Short Stories at Halsnøy Kloster”. Ho seier: ”På denne staden, borte frå verda, ein stad eg opplevde verken verkeleg eller uverkeleg, fann eg drivstoff til fantasien min.

Historiane framsto som i eit spanande lukka rom der hovudpersonen vert konfrontert med eigne minne, og møte med menneske som har gått bort.”

Sophie Zenon har mange utstillingar bak seg, over store delar av Europa, og har gjeve ut ei rekkje bøker. Ho har og motteke fleire prisar for arbeida sine.

Louisa Marie Summer bur i New York og München, og arbeider over store deler av verda med å dokumentere dagleglivet til menneske som slit.

Ho er ein visuell historieforteljar som er sterkt oppteken av sosiale forhold, og seier at for henne betyr fotografiet å nærma seg andre menneske sine liv med nysgjerrighet, respekt og empati.

På Halsnøy opplevde ho eit sterkt og godt samansveisa lokalsamfunn der alle kjenner alle, og ho vart snart kjend som fotografen som vinka og ville ta bilde av folk.

”Då eg reiste frå klosteret tok eg med meg dei vakre og intime møta eg hadde hatt med folk på øya. Eg opplever at portretta mine reflekterer noko av øya sin ande, eg opplever folk på øya som venlege, gjennomtenkte, om enn noko reserverte. Dei har ei naturleg indre kraft, som eit tre som bøyer seg i vinden utan å knekke”.

Louisa har hatt utstillingar i mange land, og bilda hennar er publisert i aviser og magasin.

Ho har gjeve ut tre bøker, den siste – ”Jennifer´s Family” – kom i 2012.

 

For informasjon om Klosteret, opningstider og anna, kontakt Sunnhordland Museum

hkl@sunnhordland.museum.no, tlf. 53413899/ 48130020

For meir informasjon om utstillinga og AiR prosjektet, kontakt Øyvind Hjelmen

(kunstnarleg leiar for AiR-prosjektet) tlf 9008 0778 eller oh@oyvindhjelmen.com

Kunstnaropphaldsprogrammet er støtta av 

 

Sommarutstillinga 2017:

 

Poesi i bilete, ord og tonar:

Flyer aurelia giacomo copy

påske 2017 – Kunstnergruppa HAUK – 9.4. – 30.4, utstillingsåpning 9.4, kl 17.00

utstilling-paske-30

Kunstnargruppa HAUK

Me er 4 kunstnarar som saman har starta kunstnargruppa HAUK. Kunstnargruppa består av medlemmer busette i Bergen, Kvam og Bømlo, og med røter på Stord, Sotra, Skottland og Nederland. Me er alle profesjonelle kunstnarar, men med ulik bakgrunn og fagområde. Me har starta HAUK med tanke på, og ønskje om, å inspirere kvarandre, lære og oppdage nye uttrykk gjennom å jobbe saman.
Medlemmene i HAUK har alle ein naturleg inngangsport til å arbeide med grafikk, men via ulike teknikkar og uttrykk:
Anneli Belsvik Aras, erfaring med silketrykk og linosnitt på keramikk, brukar no dette til grafiske arbeid på papir.
Ruth Mallinson, grafikar/biletkunstnar, har erfaring med fleire grafiske teknikker, ønskjer å eksperimentere med å kombinere forskjellige uttrykk.
Wim van den Toorn, klassisk maler, ønskjer å overføre motiv fra maleri til silketrykk/grafikk.
Silje Iren Bergsvik, erfaring fra metallarbeid, tek no desse erfaringene inn i ei grafisk verd.

HAUK gledar seg til å stille ut på Halsnøy kloster 9.-30.april 2017!

7.5.: AiR#1

11.6.: Sommerutstilling – Jeanette Persson, Tekstil

10.9.: AiR#2

2016: 

https://halsnoykloster.wordpress.com/2016/09/11/shells-sheep-time-and-light/

Plakat miho hortense francesco copy

https://halsnoykloster.wordpress.com/2016/06/27/klosterdagen-2016-en-liten-oppsummering-og-stemningsrapport/

Sommerplakat hkl 2016 copy

https://halsnoykloster.wordpress.com/2016/04/26/strommet-til-over-sjo-og-land-for-den-12-air-utstillinga/

Plakat kajsa viktoria jacques copy

God stemning på utstillingsåpning!

påske 2016 copy

 

HALSNØY KLOSTER TUR – RETUR

ferdig plakat galleri losjen 2016 (2) copy

Reklamer