«Tonar i hausten» – Haustkonsert i stovene

Posted on Updated on

Lørdag 22. september, kl 13.00 kan du få med deg vakker haustkonsert i stovene på klosteret. André Eide og Anne Karin Nilsen står som arrangørar og låner stovene denne dagen.

André Eide og Anne Karin Nilsen har dei siste 2 åra arrangert ikkje mindre enn 4 konsertar saman. Nokon åleine og nokon i samarbeid med andre musikarar. Konsertane vert tekne godt imot og på Halsnøy Kloster 22. September byr dei på repertoaret frå konserten dei hadde saman med resten av damene i Juni i år:

Anne Karin Nilsen, Åshild Matre, Dagrunn Haga, Randi Johnsen og Helena Schwartz er fem musikkglade damer, som mellom anna syng saman i damekoret Corona på Stord. Før sommaren i år stakk dei av med ein gjev 3.plass under «Syng For Oss & Grieg Internasjonale Korfestival» i Bergen.
André Eide har røter på Halsnøy, men er busett på Stord. Han er svært aktiv som pianist og organist i heile Sunnhordland og på Haugalandet. For tida reiser han også på turné med einmanns-forestillinga «Mannen i Speilet» saman med Alexander Skadberg. Forestilllinga vert sett opp i heile landet, frå Alta i nord til Grimstad i sør.

Velkommen!

Lørdag 22.september kl 13.00,

inngong kr. 200.-

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s