Strålande opningsmarkering og historisk hending

Posted on

Det vart ein strålande opningsmarkering av kystpilegrimsleia på Halsnøy kloster 6. juni. Strålande på fleire vis, véret var med oss, folk strøymde på og vi fekk ei høgtidsstund med sakrale tonar og historisk føredrag. Arrangementet var eit samarbeid mellom Sunnhordland museum, Kvinnherad kommune og Kystpilgrimsleia

Risør II på veg inn

Ganske nøyaktig klokka 17.30 ankom «pilegrimsbåten» Risør II kaien i Klostervågen. Der vart båten og fylgjet teken imot av representantar frå Kvinnherad Kommune ved ordførar Peder Sjo Slettebø, kommunalsjef Gunn Tove Petterteig, rådgjevar for kultur og idrett,Linda Øen, representantar frå Sunnhordland museum og eit hav av Halsnøybuer.

Reisekista vart boren i land og opp til klosteret av representantar frå Kystpilegrimsleia; Ragna Sofie Grung Moe frå Bjørgvin Bispedøme, Tor Arne Titlestad frå Hordaland Fylkeskommune og Anne-May Waage, dagleg leair i Notum Reiselivsrådgjeving. I reisekista vert det samla bøner frå dei ulike stoppestadene langs leia og desse skal overleverast ved ankomst i Trondheim.  Bøn frå Kvinnherad er no og overlevert. Stoppet her på Halsnøy kloster markerar at staden no er offisiell del av St. Olavsvegane.

Vel oppe på tunet vart folket møtt av sakrale tonar framført av , for høvet danna, koret «6 stemmer» beståande av songarane Phuong Pham, Kristoffer Hesthammer, Sverre Kongsro Finstad, Per-Tore Gisletveit, Axel Fjeld og Tore Kloster.

Ordførar Peder Sjo Slettebø heldt opnigshelsing før vi fekk  glitrande historisk føredrag om «Halsnøy kloster- kulturelt, økonomisk, religiøst kunskapssenter i Sunnhordland og på vestlandet»av den alltid like engasjerande professor Jørn Øyrehagen Sunde. Folkemassane gjorde sitt til at det vart naudsynt å halda dette ute på klosterområdet.

Etter føredraget vart det orientert om Kystpilgrimsleia og arbeidet med denne før ein kunne får seg betasuppe, kaffe og kaker på kjøkenet, vandra i utstillinga, få seg Pilegrimspass og stempel..eller berre snakka med naboen. (Pilegrimspass er til sals på Halsnøy kloster framover, stempel får du og)

Ein varm takk til alle som var med oss denne dagen! Takk til venelaget for strålande innsats og til Dill for framifrå suppe og kaker.

Du kan fylgje reisa vidare HER

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s