Spådom og skimrande erindring

Posted on

SPÅDOM OG SKIMRANDE ERINDRING” ARTIST – IN – RESIDENCE UTSTILLING PÅ HALSNØY KLOSTER 20. mai – 10. juni 2018

Jane Fulton Alt (USA), Gabriela Morawetz (Polen/Frankrike), Naoyuki Ogino (Japan), Natan Dvir (Israel/USA), Zhen Shi (Kina/Frankrike)

Utstillingsopning sundag 20. mai kl 17.00 Utstillinga vert opna av rådgjevar for kultur og idrett i Kvinnherad kommune, Linda Øen.

Musikalsk innslag ved Tiril Eirunn Einarsdotter

Sunnhordland Museum ynskjer på ny velkomen til utstilling i samband med kunstnaropphalda på Halsnøy Kloster. I år har vi vald å samle alle dei 5 kunstnarane som var på opphald i fjor, til ei stor gruppeutstilling. Denne gongen vert ein større del av huset nytta til utstillinga, og mellom anna vil eitt av verka verta synt i nordfløyen på klosteret.
Det er ei verdsomspennande gruppe kunstnarar som syner sine inntrykk frå opphalda sine i 2017. Dei representerer på ein svært god måte eitt av måla for Halsnøy kloster, som er å drive fram kultur og kulturutveksling.

Verka varierer frå direkte interaksjon med naturen, via dokumentasjonsfotografi, til video og Voluspå. Og kva gjer ein kunstnar når ho etter å ha avslutta tre vekers arbeid på klosteret mister alt ho har laga dei siste to åra?

Jane Fulton Alt bur og arbeider i Evanston, Illinois, ved Lake Michigan. Ho arbeider mykje med utgangspunkt i natur og mennesket sitt forhold til naturen, og har heile livet hatt eit særleg forhold til vatn og sjø.

På Halsnøy jobba ho i direkte nærkontakt med naturen. Ho valde å bruke ein fotografisk teknikk frå 1840 kalla cyanotypi, der eit vanleg papir vert påført ein emulsjon som reagerer på UV lys. Jane brukte mellom anna tang frå stranda og andre objekt ho fann, og la desse oppå papiret i sollys. Sidan cyanotypiar skal framkallast i kaldt vatn, la ho dei direkte i sjøen etter eksponeringa. Resultatet er spanande blå bilder som altså er laga av naturen med hjelp av kunstnaren si hand, og prosjektet har fått tittelen Drawn from the Sea.

Ho opplevde opphaldet på Halsnøy som eit svært velkome avbrot frå den konstante nyhetsstraumen etter presidentvalet i USA, og ho fekk anledning til å friske opp att kreativiteten, som ho uttrykkjer det.

Jane har mastergrad frå universitetet i Chicago, har stilt ut over store deler av verda og har vore tildelt ei mengd prisar for arbeida sine. Ho har og gjeve ut to bøker.

Gabriela Morawetz er fødd i Polen, og studerte maleri og skulptur ved kunstakademiet i Krakow. Seinare budde ho 8 år i Venezuela før ho flytta til Paris, der ho fortsatt bur. Sidan 1992 har ho arbeidd med fotografi og video.

Under opphaldet på Halsnøy laga ho eit videoverk med tittel Eldrun og ein serie fotografi med tittel Voluspå.

Om arbeidet sitt på Halsnøy skriv ho ”..eg hadde ei kjensle av at alle elementa, vatn, stein, vind og skyer hadde ei sterkare meining her enn andre stader. Denne opplevinga av å vera fråkopla alt anna enn naturen gjorde sterkt inntrykk på meg. I starten brukte eg mykje tid på å gå, og sjå. Ein dag fann eg mellom mose og stein nokre kvite bein av dyr, og visste at desse var viktige for meg å bruke. Eg leika med desse beina i nokre dagar, til eg møtte Eldrun. Ho framførte ei perfekt tolking av den nesten hypnotiske seremonien eg hadde sett så klart for meg i tankane. Då eg seinare fann samanhengen med Voluspå diktet, fekk det heile ei spesiell meining.”

I serien Voluspå har ho saman med modellane skapt karakterar som kan reflektere ideen om ein tidlaus stad der natur og kosmiske krefter styrer alle handlingar.
Gabriela har hatt mange utstillingar i museum og galleri i Europa, USA, Sør-Amerika og Asia, og er representert i fleire store samlingar.

Naoyuki Ogino er fødd i Tokyo, i oppveksten budde han til saman 10 år i Mexico, og bur no i Kyoto, Japan. Han har utdanning frå avdeling for astrofysikk ved universitetet i Nagoya, Japan, og i fotografi frå universitetet i Queretaro, Mexico.

Shimmer of Vanir Då han kom til Halsnøy opplevde han at omgjevnadane sakte speila ei ny oppleving i han, ei vinkling han ikkje hadde opplevd før eller hadde gløymt sidan barndommen. Først vart han teken av sjø og stein som eit resultat av istida, og han tenkte på troll, og at dette kunne bli gode bilder og var freistande. Men noko ukjend i han gjorde at han venta, og leita vidare. Så kjende han på krafta frå fjell og skog og elvar, og tenkte på alvar. Igjen tenkte han at dette vart eit godt tema å jobbe med, men igjen kjende han på dette ukjende som blinka i han, og han fortsatte å leite. Så kom opplevinga av ei bølge, fleire bølger, som bygde seg opp i han, og han såg lyset som skimra. Det skimra frå alt han såg, sjø og lauv og anna. Ingenting var konkret, berre skimmer av lys. Då han oppdaga den norønne historia om Vanene, eller Vanir, – som var knytte opp mot fruktbarhet, visdom, natur, magi og spådom – kjende han på ei tilknytning til det norrøne folket. Han seier: ”dette opplevde eg som eit fenomen som er inni oss, kanskje relatert til noko vi mista i barndommen. Men det er ikkje borte. Det er alltid her eller der i korte øyeblikk, lik Higgs-boson som i kvantefysikk og partikkelfysikk vert kalla ”guds-partikkel”. Det er svært vanskelig å dokumentere at den eksisterer”.

Natan Dvir er frå Israel, men er basert i New York. Han har utdanning frå universitetet i Tel Aviv, og mastergrad i fotografi frå School of Visual Arts i New York. Han arbeider som dokumentarfotograf, og leverer bilder til dei store avisene og magasina i verda, slik som New York Times, Newsweek, Wall Street Journal, Der Spiegel, Stern, The Times, Paris Match, Le Monde og Le Figaro, for å nevne nokre.

Om opphaldet på Halsnøy seier han: ”Gjennom heile mi karriere har eg fokusert på menneske, og dokumentert dei innanfor forskjellige tema. På Halsnøy bestemte eg meg for å gå laus på ei heilt ny utfordring og sjå på mitt forhold til motivet medan eg fokuserte på eit landskap utan menneske.” Natan bestemte seg for å arbeide med steinbryggja på klosteret, og ser den som eit unikt kontaktpunkt mellom land og sjø, mellom fortid og framtid, mellom fastbuande og besøkjande, mellom årstidene, mellom det som er og det som kan verta. I løpet av ti dagar fotograferte han bryggja til forskjellige tider på dagen, i forskjellig vêr, og i forskjellig sinnstilstand. Han seier vidare: ” I følge asiatisk filosofi er det å sjå noko som skjer i begge retningar. Når vi ser på noko, vil det vi ser på og sjå på oss. Dette har påverknad på betraktaren og endrar noko i han eller henne. For første gong vart eg no oppmerksom på denne effekten. Bryggja kopla meg saman med meg sjølv”.

Natan har gjennom dei siste 10-12 åra motteke ei rad prisar som fotojournalist og dokumentarfotograf. Han har vore utstilt over store deler av verda, og er innkjøpt til samlingar i ei mengd museer og galleri.

Zhen Shi er frå Shandong i Kina, men bur og arbeider i Paris. I tillegg til utdanning i fotografi frå École EFET i Paris, har ho og utdanning i språk, litteratur og framand kultur frå universitetet i Angers, Frankrike.

Arbeida hennar handlar for det meste om forholdet mellom realitetar og minne henta frå personleg erfaring, og ho prøver å balansere dette saman med tid. Hennar haldning er at dersom ”den noverande augneblinken” er forbi, kan både fortid og framtid definerast som eit minne, – eller framtidig minne, for den som er i tida. Slik kan det universelle i dette ubesvarte spørsmålet om forhold mellom realitet og minne, gjere det mulig for andre å finne gjenkjennelse i hennar historie.

Eit par månader etter opphaldet på Halsnøy var Zhen i Brüssel, der ho vart fråstolen PC og eksterne harddiskar som inneheldt alt arbeid ho har gjort dei siste to åra. To filmar frå Halsnøy var levert til framkalling, og ho berga berre eit par bilder derfrå.

Zhen syner difor eit lite utsnitt av eit verk kalla Memories of Things Past, som ho har arbeidd med dei siste åra. Ho fann ei dagbok på ein loppemarknad, som var signert LLDM. Dagboka fortel om tida frå 1872 fram til 1954, om reiser, kjærleik og familie. Saman med dagboka fann ho også brev og fotografi. Zhen begynte å nøste i historia, fann ut kven som skreiv dagboka, og brukte mykje tid på å finne og bygge opp ein heil dokumentasjon rundt livet til den då ukjende kvinna. Resulatet vart presentert i ei handlaga bok, og seinare i utstilling. Etter kvart fekk Zhen tilfedigvis kontakt med oldebarnet hennar og fekk besøke familien, noko som gav henne eit særskilt forhold til den lange reisa frå ei anna tid, som ho tilfeldig kom over.

Zhen er og mentor for andre kunstnarar, og har eige forlag for kinesiske fotografar som ho prøver å hjelpe fram i verda. Ho har hatt fleire utstillingar i Kina og Europa, og vunne prisar både for sine handlaga bøker og andre prosjekt.

For informasjon om Klosteret, opningstider og anna, kontakt Sunnhordland Museum hkl@sunnhordland.museum.no, tlf. 53413899/ 48130020
For meir informasjon om utstillinga og AiR prosjektet, kontakt Øyvind Hjelmen (kunstnarleg leiar for AiR-prosjektet) tlf 9008 0778 eller oh@oyvindhjelmen.com

Kunstnaropphaldsprogrammet er støtta av

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s