Kulturminnedag med ”NOVELLER, REALITETAR OG MAGI”

Posted on Updated on

 

 

”NOVELLER, REALITETAR OG MAGI”

ARTIST – IN – RESIDENCE UTSTILLING PÅ HALSNØY KLOSTER,

10. september – 8. oktober 2017

Fran Forman (USA), Sophie Zenon (Frankrike), Louisa Marie Summer (Tyskland/USA)

Utstillingsopning sundag 10. september kl 17.00

Utstillinga vert opna av forfattar Anne Karin Fonneland

Sunnhordland Museum ynskjer for 15. gong velkomen til utstilling i samband med kunstnaropphalda på Halsnøy Kloster. Det er tre markante kvinner som syner resultatet av opphaldet på Halsnøy i august / september i fjor. Alle tre har oppnådd stor merksemd internasjonalt med arbeida sine innanfor kvar sin retning.

Arrangementet er del av dei nasjonale kulturminnedagane. og vi har og omvisingar kl 14.00 og 15.30

 

Fran Forman arbeider med digital collage, det vil seie at ho tek utgangspunkt i eksisterande bilder, anten gamle bilder ho kjem over, eller nye bilder som ho lagar til føremålet. Desse bilda monterer ho saman digitalt, og lagar sine magiske og surrealistiske små forteljingar.

I dette tilfellet er alle grunnlagsbilda fotografert på Halsnøy i 2016, og det vert kun laga to eksemplar av kvart bilde.

Fran skriv om opplevinga si på Halsnøy, og prosjektet ho har kalla ”Midnight Sun”:

”I landet der sola når inn i natta, eit diffust lys gjev ein aura av mysterier og magi.

Fragment av draumar kjem og forsvinn, medan tida verkar å stå stille.(…) dette er augneblinkar av magi, der lyset og mørket blandar seg saman, der du skjønar at utan skuggen kan du aldri nyte lyset..”

Fran Forman har mastergrad i Fine Arts frå Boston University, og er i tillegg utdanna i sosiologi. Ho har hatt tallause utstillingar, og er innkjøpt i mange offentlige og private samlingar. Blant mange publikasjonar kan nemnast den prisvinnande boka ”The Escape Artist”.

Sophie Zenon bur og arbeider i Paris. Ho fekk sterke opplevingar då ho fotograferte i Mongolia på 90-talet, og fatta interesse for korleis ulike folk tenkjer kring liv og død, sjamanisme og anna mystikk. Ho arbeider og med si eiga familiehistorie.

På Halsnøy har ho laga ein serie med små historiar i biletform, og oppfordrar betraktarane til å finne sine eigne historiar i prosjektet ”Short Stories at Halsnøy Kloster”. Ho seier: ”På denne staden, borte frå verda, ein stad eg opplevde verken verkeleg eller uverkeleg, fann eg drivstoff til fantasien min.

Historiane framsto som i eit spanande lukka rom der hovudpersonen vert konfrontert med eigne minne, og møte med menneske som har gått bort.”

Sophie Zenon har mange utstillingar bak seg, over store delar av Europa, og har gjeve ut ei rekkje bøker. Ho har og motteke fleire prisar for arbeida sine.

Louisa Marie Summer bur i New York og München, og arbeider over store deler av verda med å dokumentere dagleglivet til menneske som slit.

Ho er ein visuell historieforteljar som er sterkt oppteken av sosiale forhold, og seier at for henne betyr fotografiet å nærma seg andre menneske sine liv med nysgjerrighet, respekt og empati.

På Halsnøy opplevde ho eit sterkt og godt samansveisa lokalsamfunn der alle kjenner alle, og ho vart snart kjend som fotografen som vinka og ville ta bilde av folk.

”Då eg reiste frå klosteret tok eg med meg dei vakre og intime møta eg hadde hatt med folk på øya. Eg opplever at portretta mine reflekterer noko av øya sin ande, eg opplever folk på øya som venlege, gjennomtenkte, om enn noko reserverte. Dei har ei naturleg indre kraft, som eit tre som bøyer seg i vinden utan å knekke”.

Louisa har hatt utstillingar i mange land, og bilda hennar er publisert i aviser og magasin.

Ho har gjeve ut tre bøker, den siste – ”Jennifer´s Family” – kom i 2012.

 

For informasjon om Klosteret, opningstider og anna, kontakt Sunnhordland Museum

hkl@sunnhordland.museum.no, tlf. 53413899/ 48130020

For meir informasjon om utstillinga og AiR prosjektet, kontakt Øyvind Hjelmen

(kunstnarleg leiar for AiR-prosjektet) tlf 9008 0778 eller oh@oyvindhjelmen.com

Kunstnaropphaldsprogrammet er støtta av 

 

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s