Storfint Klosterbesøk

Posted on Updated on

Det blei ein flott og kyrkjehistorisk dag på Halsnøy kloster 6. august. Med storfint besøk av riksantikvaren og to biskopar blei den unike klosterhistoria løfta fram.

På det historiske arrangementet deltok mellom anna riksantikvar Jørn Holme, biskop i Oslo katolske bispedømme Bernt Eidsvig og fungerande biskop i Bjørgvin bispedømme Svein Arne Teodorsen.

Det er truleg 500 år sidan den katolske biskopen sist besøkte klosteret, og saman fekk dei ei flott omvising og tid til gode samtalar.

Gjestene viste stor interesse for den unike klosterhistoria og ønske om å halda fram samarbeidet for å løfta historia fram både nasjonalt og internasjonalt.

I vakre Eide kyrkje blei det også skipa til økumenisk gudsteneste. Arrangementet hadde kom i stand etter initiativ frå Kvinnherad kommune og ordførar Peder Sjo Slettebø, som sjølv var organist i kyrkja denne minnerike søndagskvelden.

 

Ein stor takk til Dill og dei flinke damene,- desse sytte for fabelaktig mat og knirkefri servering og var med på å gjere kvelden storveis.

 

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s