Innhaldsrik klosterdag

Posted on Updated on

Da Vinci sin sjøvbærande bru måtte prøvast
Vérgudene var ikkje heilt på vår side  sist søndag, men sjølv om det bles godt holdt regnet seg unna  mesteparten av dagen.  Klosterdagen 2017 inneholdt programposter til glede for både store og små og vi må seie oss godt nøgde med oppmøtet.

Venelaget opna dørene  allereie før offisiell start på dagen, då det var ruskete ute , og slapp publikum inn til bugnande kakebord og varme supper. Dei hadde for anledningen sytt for både neslesuppe og potetsuppe, baka flatbrød og klosterbrød.

Fyrste post på programmet var opning av sommarutstillinga «Kom nærare» i kjellaren med kunstnaren, Jeanette Persson, sjøv tilstades. Utstillinga falt i smak og ikkje minst i undring hos publikum, som kunne studere materialkunsten på nært hald,- ja til og med røre og kjenne på..

Tema for dagen var i stor grad urter og planter til forskjellig bruk. Etter opninga var det klart for føredrag om «Urter – til mat og medisin» med lege Geir G. Flatabø. Dette hadde folk nærast «gått mann av huse» for å få med seg og stovene var fylde til randen og vel så det.

Mange vart nok inspirerte til å kjøpa forkjellige urte- og planteprodukter både hos «Kjerringarden» og Valen gartneri som hadde satt opp boder på området ute.

Ute på tunet kunne du få prøva aktivitetar av ulike slag. Mellom anna kunne ein få prøva seg på å skyta blink med pil og boge  i regi av Kvinnherad bogejegerklubb eller bygge Da Vinci sin sjølvbærande bru, laga til av venelagsmedlemer. Begge deler var populære hos både små og store,. ein må jo prøva ikkje sant? Det viser i alle fall bileta under. Dagen vart avslutta med ein times pianokonsert i  stovene med pianist André Eide ved tangentane. Det siste året har han vore «huspianist» på klosteret i ulike høve og det var flott å få ein full konsert med hovudvekt på toner av Grieg,- romantisk, harmonisk og kraftfullt. Han fekk oss jamvel med på å byrja konserten med allsong.

Vi vil takke alle som kom og var med nokre gilde timar, og ikkje minst Kvinnherad Buejegerklubb, Jone Harkestad, Valen Gartneri, Ingrid Johannessen, Kjerringarden, Geir G. Flatabø, Jeanette Persson, André Eide og sist men ikkje minst Venelaget for Halsnøy kloster som alle var med å gje dagen innhald.

Fleire bilder frå dagen:

This slideshow requires JavaScript.

 

 

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s