Snart Klosterdag!!

Posted on Updated on

Klosterdagen 2017 nærmer seg med stormskritt og vi kan lova eit rikhaldig program for dagen  til glede for store og små. Dagen er  sundag ,11. juni og vi opnar med  kafé og utstillingsopning i kjellaren. Årets klosterdag er  som alltid i tett samarbeid med Venelaget for Halsnøy kloster.

Utstillinga «Kom nærare»

Årets sommar-utstillar er Jeanette Persson, opprinnelig frå Sverige, men ho bur og arbeider på Stord. Ho er utdanna bl.a ved kunsthøgskulen i Bergen.

Hun ynskjer ikkje at kunsten skal forklares med ein masse ord, utan det er opp til kvar og ein å oppfatte og tolke arbeida . Med litt veiledning av tittel.

Stikkord  for arbeida hennar  er: kompakt transparans, vann, sirkel, estetisk, meiningsbærande materiale, organisk , skulpturelt, taktilt. Hun nyttar plast og monofilament som materiale i denne utstillinga, der ho bruker tekstile konstruksjons-og sammanføyingsteknikker. Lys og skugge er en særs viktig del av uttrykket.

Hun har brukt det siste året i sitt lille studio på Litlabø til å jobbe fram utstillinga som skal stå på Halsnøy kloster heile sommaren.

Føredrag; Urter til mat og medisin

Årets tema er urter og planter, både inne og ute. Årets føredragshaldar er Geir Guttorm Flatabø  som er utdanna lege (lege i Ulvik sidan 1982) og har eit særskilt interessefelt innan urter , kosthold og kosttilskudd  som behandling av sjukdom. Han bur på eit småbruk i Ulvik, der han har birøkt og dyrker urter, grønnsaker , frukt og bær til eige bruk. Han er og utdanna soppkunnig og deltar i landsomfattande kartleggingsprosjekt på «storsopp».  Han vant Kvitt eller dobbelt i NRK-TV i 1986 med urter som tema.

Meir urter og planter vert det også ute , der Ingrid Johannesen frå Kjerringgarden  har sal av urteprodukt: krydder- og teblandingar, såper, kremar, massasjeroljer, badeoljer m.m.; og Jone Harkestad frå Valen Gartneri stiller på klosterdagen med ei utval av urter og andre planter med ei viss tyngde av kulturhistorisk verdi. Det blir gjerne eit føredrag og to om plantedyrking og bruk gjennom tidene.

Det vert og høve til å kjøpe planter innanfor det som er mogeleg å ta med seg i bilen, mellom anna jordskokk, peparrot, mynther med meir.

Aktivitetar for små og store

Vidare på programmet står både bueskyting og leikar ute i klosterhagen. Medlemmer frå Kvinnherad buejegerklubb stiller med bueskyting- arena nedst i hagen. Her kan du få prøva deg som bueskytter under kyndig veileding av erfarne bueskyttarar frå klubben. Noko som skulle passa for både små og store? Klubben vart starta i 2009 og  meldte  inn i NBJF . Fleire av medlemmene gjer det skarpt i konkuransar ;både Bjørn Terje Sæbø og Jan Erik Nordhus har vunne landsmøteskytingane til NBJF , Rolf Dahle vart NM vinnar i Buejegerklassen i 3D i 2015 og Atle Helland vart NM vinnar i felt i 2012. Klubben har i dag vel 26 medlemmer og er i vekst.

Elles på tunet vil det bli gammaldagse leikar under leiing av medlemmer frå Venelaget for Halsnøy kloster. Passar for alle!

Konsert i stovene

Vi avsluttar dagen med Harmoni og romantikk .

André Eide

Med harmoniske tonar frå både den nasjonalromantiske og wienerklassiske tidsepoka, er det duka for ei god oppleving når André Eide held pianokonsert søndag 11. Juni. Det vert ein konsert med hovudvekt på musikken til Edvard Grieg, men og med innslag av andre komponistar.

André Eide er ein pianist busett på Stord og legg i sitt musikalske virke stor vekt på å formidle melodiøse og harmoniske verk av varierande komponistar.

 

 

 

 

 

Kafé

3 av primus-motorane i venelaget; Øystein, Toril og Elisabeth

Som alltid blir det kafé på gamla-kjøkenet på klosteret. Her stiller Venelaget for Halsnøy kloster «mannsterke» med både søtt og salt, vått og tørt,- dei legg seg alltid i selen for at du skal få nyta gode smaker. Dei står og som medarrangør i år og vi kan saman lova deg gilde timar ilag med oss denne dagen! Kjem du?

 

Velkomne!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s