«Enno ein gong» – eit nytt blikk på Vinje-songane

Posted on Updated on

plakat konsert 7 mai copy

KONSERT i STOVENE

I etterkant av utstillingsopninga sundag 7.mai, Kl 19.00  inviterer vi til konserten

«Enno ein gong» – Eit nytt blikk på Vinje-songane.

Medverkande:  Njål  Bokn,  litterære kommentarar,  Ingunn Ådland, piano  og Tore Kloster, tenor  

I 1880 komponerte Edvard Grieg musikk til dikt av Aasmund Olavson Vinje. Opprinneleg var det 15 songar, men Grieg valde å utelate tre av dei.

Bakgrunnen for denne konserten er erkjenninga av at Grieg ikkje nødvendigvis nytta tekstane slik Vinje skreiv dei. Dette har gruppa granska i og late det munne ut i eit konsertføredrag der dei originale tekstane vert nytta, og der historiane kring tekstane vert belyst.

Dei tek også med dei Vinje-songane Grieg ikkje tok med i sitt opus 33.

Tore Kloster kjem frå Halsnøy i Kvinnherad. Han er utdanna ved Griegakademiet og ved Royal Academy of Music i London. I kammerformat presenterer han gjerne Grieg, Schumann og Schubert, supplert med høgdepunkt frå det engelske songrepertoaret. I tillegg opptrer Tore Kloster som solist ved oratorieframføringar som til dømes Hãndels Messias og Bachs Juleoratorium.  Han er og ein entusiastisk ensemble-songar. Han er medlem av solistkvartetten Membra og har vore tilsett som songar i det profesjonelle Edvard Grieg Kor.

Ingunn Ådland er fødd i Bergen. Ho har vore elev av Ruth Knudsen, Jan Henrik Kayser, Albert Ferber og Kandall Taylor.

Etter debutkonserten i Oslo har ho gjeve utallige konsertar nasjonalt og internasjonalt; både som akkompagnatør og solist. Her heime har ho halde konserter for Festspela i Bergen og Rikskonsertane, samt spelt med mellom anna Oslo Filharmoniske orkester, Bergen Filharmoniske orkester og Collegium Musicum. Ho er ein erfaren konsertpianist som har gjeve solokonsertar med Grieg-program i Finland, Belgia og  Tyskland (Berlin og Meissen). Ho  har og gjeve ut to album med musikk av Edvard Grieg. Ingunn Ådland er tilsett ved Langhaugen vidaregåande skule i tillegg til å vera frilans musikar.

Njål Harald Bokn er utdanna ved Universitetet i Bergen og har undervist i norsk og historie ved Langhaugen Vgs. Sidan 1987.

Interessa for landsmålforfattarane Garborg og Vinje har han hatt sidan studietida. Særlieg har han vore oppteken av korleis dei både etablerte seg som markante norm setjarar innanfor den etablerte kultur-offentlegheita, men samstundes etablerte ein alternativ kulturell norm; Vinje gjennom Dølen og Garborg gjennom Fedraheimen.

___________________

For informasjon om Klosteret, opningstider og anna, kontakt Sunnhordland Museum

hkl@sunnhordland.museum.no, tlf. 53413899/ 48130020

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s