Utstillingsopning

Posted on Updated on

No startar kloster-sesongen! Tradisjonen tru byrjar det med utstillingsopning palmesundag 9. april kl. 17.


I år er det Kunstnargruppa HAUK som presenterer seg på Halsnøy kloster.

HAUK består av 4 kunstnarar som saman starta kunstnargruppa. Kunstnargruppa består av medlemmer busette i Bergen, Kvam og Bømlo, og med røter på Stord, Sotra, Skottland og Nederland. Dei er alle profesjonelle kunstnarar, men med ulik bakgrunn og fagområde. Dei starta HAUK med tanke på, og ønskje om, å inspirera kvarandre, læra og oppdaga nye uttrykk gjennom å jobbe saman.
Medlemmene i HAUK har alle ein naturleg inngangsport til å arbeide med grafikk, men via ulike teknikkar og uttrykk:
– Anneli Belsvik Aras, erfaring med silketrykk og linosnitt på keramikk, brukar no dette til grafiske arbeid på papir.
– Ruth Mallinson, grafikar/biletkunstnar, har erfaring med fleire grafiske teknikker, ønskjer å eksperimentere med å kombinere forskjellige uttrykk.
– Wim van den Toorn, klassisk maler, ønskjer å overføre motiv fra maleri til silketrykk/grafikk.
– Silje Iren Bergsvik, erfaring fra metallarbeid, tek no desse erfaringene inn i ei grafisk verd.
HAUK gledar seg til å stille ut på Halsnøy kloster 9.-30.april 2017!

André Eide har med «piano-fjøla» og syt for musikkinnslag.Enkel kafé vert det og.

Ope Påskehus 12.4 -16.4 mellom kl. 13.00 – 16.00

Tradisjonen tru blir det ope på klosteret i Påska, med open utstilling, enkel kafé og aktivitetar for born, og omvisingar kl 14.00 og kl 15.30

Velkomne til store og små. 😀

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s