Overgangar, Refleksjonar og Ufortalde historiar

Posted on Updated on

Plakat kajsa viktoria jacques copy

Ny AiR utstilling på Halsnøy Kloster, opning søndag 24. april kl 17.00

Med kunstnerne Kajsa Gullberg –  Viktoria Sorochinski –  Jacques Borgetto. Utstillinga heng til 22.mai.

Sunnhordland Museum ynskjer velkomen til ny Artist-in-Residence utstilling på Klosteret, med tre kunstnarar som arbeider svært forskjellig.

Kajsa Gullberg (1)Kajsa Gullberg er frå Sverige, men bur og arbeider I København. Ho er utdanna ved FataMorgana, kunstskulen for fotografi i Danmark, og som grafisk designar ved kunstakademiet I København. Hennar prosjekt Liminalities handlar om overgangar, endringar i liva våre. Nokre er små, andre er omveltande. Nokre er planlagte, som til dømes dåp og ekteskap, andre er “naturlege”, som foreldrerolla, sjukdomar og aldring. Det desse endringane har felles er at ein aldri kan vende tilbake til det som var før endringa inntraff. Ho stiller spørsmålet om det er ein kjerne i oss som er intakt gjennom alle endringane,  kan vi seie “dette er meg”?

 

 

 

 

 

viktoria sorochinkski

Viktoria Sorochinski er fødd i Ukraina, men har budd i Israel, Montreal og New York før ho no bur og arbeider i Berlin. Ho starta kunst studiane i Montreal, og har sin mastergrad i Fine Arts frå New York. Ho syner bilder frå tre ulike seriar som ho jobba med under opphaldet. Brother and Sister  er ein serie som ho starta då ho møtte Marta og Mathias på Halsnøy. Dette møtet var svært avgjerande for opphaldet hennar, og beskriv ei reise som søskenparet dreg ut på der dei har merkelige og mystiske opplevingar samtidig som dei vert kjende med seg sjølv og kvarandre.

Silent Dialogs er eit prosjekt Viktoria har arbeidd med i mange år, og som ho vidareførte på Halsnøy. Her tek ho for seg forholdet mellom menneske, mellom anna kvar er grensa mellom ein person og ein annan? Kva definerer nærleik? I tillegg syner ho eit utval vakre bilete frå serien Still Life Tales, der ho har fotografert objekt ho har funne i huset og området.

jacues borgettoJacques Borgetto er frå Paris. Han har reist og fotografert mykje i Afrika, Asia, Sør-Amerika og Europa. Eit stort prosjekt var dokumentasjon av nomadar i Kina og Tibet. Arbeida hans er i fleire av dei store samlingane i Frankrike.

På Halsnøy har han arbeidd med landskap og menneske. Han prøver å legge sine forventningar og følelsar i bildene, og slik legge sin eigen personlegdom i dei. Han opplever at Noreg er ein stad der dette er mogeleg i svært stor grad, der ein kan leite og finne seg sjølv. På Halsnøy opplevde han at tida kunne stå stille, samstundes som vinden skulpturerte skyene i alltid nye formasjonar, og fjorden med sine endringar mellom flo og fjære. Han meiner at landskapet med sine tusen skuggar inviterer til meditasjon, akkurat som menneska. Dei er gjestfrie, men private. Alltid viljuge til å dele denne flotte øya, og å hjelpe besøkjande til å forstå og bli glad i ho.

Kajsa Gullberg og Viktoria Sorochinski vil vera tilstades ved opninga.

For informasjon om Klosteret, opningstider og anna, kontakt Sunnhordland Museum

hkl@sunnhordland.museum.no, tlf. 53413899/ 48130020

For meir informasjon om utstillinga, kontakt Øyvind Hjelmen (kunstnarleg leiar for AiR-prosjektet)

tlf 9008 0778 eller oh@oyvindhjelmen.com

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s