I sin Tid – påskeutstilling 2016

Posted on Updated on

I sin Tid – In her Time

Utstilling på Halsnøy kloster, påsken 2016, 20. mars – 10.april

Utstillingsopning søndag 20. mars,  kl. 17.00. 

Begge kunstnarane vil vera tilstades på opninga. Hanne Bramness les frå «I sin Tid».

For tre år sidan traff dei kvarandre reint tilfeldig, den tyske malaren Doris Kollmann og den norske forfattaren Hanne Bramness, på ein liten gresk restaurant i Berlin. Det norske språket vart nøkkelen ved dette fyrste møtet. På tidleg 80-tal studerte Doris Kollmann norsk språk og litteratur ved Göttingen universitetet i Tyskland og for ein kort, regnfull sommar var ho student ved sommerskolen i Bergen, Norge.

Å lese Hanne Bramness sine dikt vart ikkje berre ei stor glede og ei krevjande litterær utfordring, men også ei opning av eit personleg rom som hadde vore avstengd i lang tid.

På den kommande utstillinga på Halsnøy Kloster syner ho ein serie på 50 akvarell teikningar som illustrerer diktet „I sin tid“ ( Hanne Bramness). Desse gjev eit sterkt inntrykk av kva kraft og levande kunstneriske anstrengelse som kom ut av hennar lesing av diktet
Som i ei kjede er kvart ledd i diktet kobla saman med det neste i ei reise gjennom tid og rom, der vi møter menneskelg storheit og fall, store oppfinningar, menneska sin fyrste flygetur såvel som fengsel for dissidentar og djup einsemd.
I ljoset frå desse orda har Doris Kollmann utvikla ei serie måleri og silketrykk, som søker å stille dei evig tilbake-vendande spørsmåla om kva kjerna i menneskeheita kan være.
Ein av dei vare trådane i arbeida hennar er graset, sett som symbol for det som gror over all menneskeleg kamp, og hintar om evigheita.
Eit anna framtredande tema er hagen, som ein stad kor nokre av dei betre menneskelege kvalitetane er synlege og naudsynte: Omsorg, tålmod, ettertanke og lengten etter det vakre..
Koblinga til arven som Halsnøy kloster representerar er openberr; kvart kloster hadde sin hage; „Hortus conclusus“. Denne var ikkje berre ein stad å dyrka grønnsaker , urter eller blomer for konsum og helbreding, men og eit stille rom innanfor klostermurane til kontemplasjon og bønn.
Idag er landskapet omkring klosteret mykje det same som den gong det var inntakt og i bruk. Dette landskapet forma av sjø og is, ei graskledd øy med beitande sauer som i tida for lengje sidan.
Doris Kollmann hyller alt dette med sin installasjon av jord, ull og gras i kjeller-galleriet, som ein spesiell biletleg allegori av den alltid pågåande endringa: Graset vil dekka verda , også etter historia si ende.

Opning: Søndag 20. Mars, kl. 17.00
Hanne Bramness vil vera tilstades og lesa frå diktet „I sin tid“

 

 

 

unbenannt-040927

For mer info om Doris Kollmann: http://doriskollmann.de/

For mer info om HanneBramness: https://www.cappelendamm.no/forfattere/Hanne%20Bramness-scid:284#omtale

Fra  ”I sin tid”

 

Om henne

som skriver

fra fengselet

om våren

det eneste hun aldri blir lei

leser biologi

poesi

 

   Wenn nicht mehr Zahlen und Figuren

sind Schlüssel aller Kreaturen

 

i Novalis´glemte gotiske skrift

en annen orden

 

hører sangen

i skumringen

timen mellom dag og natt

skyves framover

i tiden

trekker en linje gjennom den

fra en vår

til en annen

fra Warszawa til Wronke til Breslau:

fengslene

som råder over et mørke

fuglene ikke vil lyde

(Hanne Bramness, In sin Tid; Salt på øyet, Utvalgte dikt, 2007)

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s