Halsnøy kloster, Tur-retur

Posted on Updated on

ferdig plakat galleri losjen 2016 (2) copy

Sunnhordland museum inviterer til

HALSNØY KLOSTER TUR – RETUR
Verk frå internasjonale kunstnaropphald
Utstilling i Galleri Losjen, Fitjar
30. januar til 27. februar.
Opning ved ordføraren i Fitjar laurdag 30. Januar kl 15.00
Sidan 2010 har Sunnhordland museum invitert internasjonale fotokunstnarar til tre vekers kunstnaropphald ved Halsnøy kloster. Til no har 34 kunstnarar frå 19 land vore valde ut til slike opphald, og dette har gjeve mange gode og spesielle opplevingar for både kunstnarar og Halsnøybuen. I samband med utstillingar som kunstnarane har halde på klosteret i etterkant av opphaldet, har dei og donert eit verk til museet si samling. Det er eit utval frå denne flotte, nye samlinga av fotokunst Sunnhordland museum no vil dele med fleire, og inviterer difor til utstilling i Galleri Losjen i Fitjar.

Noko av filosofien bak kunstnaropphaldsprogrammet har vore å gjenoppta den kulturelle utvekslinga Halsnøy hadde med den store verda i klostertida. Slik munkane hadde sitt internasjonale kontakt – og handelsnett som gav oss dåtida sin kultur og verdiar, kjem no verda til Halsnøy, og Halsnøy syner att ute i verda. Bilder og videoverk som er laga på Halsnøy vert stadig synt ved utstillingar i mellom anna London, Tokyo, Paris og New York.

6 nye spanande kunstnarar kjem til Halsnøy kloster i mai og august i år.

Kunstnaropphaldsprogrammet har vore mogeleg å gjennomføre på grunn av ei årviss støtte frå SKL.

Dei kunstnarane som er representert på denne utstillinga er:

Danielle Voirin (USA / Frankrike), Rosanna Salonia (Italia / USA), Minny Lee (Sør-Korea / USA), Sébastien van Malleghem (Belgia), Matthew Yates (USA), Pia Elizondo (Mexico), Marie Docher (Frankrike), Dan Dubowitz (Storbritannia), Lucia Herrero (Spania), Sylvia Ballhause (Tyskland), Virgilio Ferreira (Portugal), Maryse Goudreau (Canada), Veronika Marquez (Uruguay)

Verka omhandlar alt frå seriøse tema som miljø og metafysikk, via natur, og vidare mot det reint estetiske og humoristiske. Nokre har og arbeidd med utgangspunkt i museet sine samlingar. Her er både fotografi og videoverk, og utrykka er svært varierte.

Utstillinga er i samarbeid med Fitjar kommune.

Utdrag frå utstillinga:

 

For meir informasjon kontakt:

hkl@sunnhordland.museum.no     jane@sunnhordland.museum.no

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s