Jul på muséet 2015

Posted on Updated on

Jul 15

Helga 5. – 6. desember byd museet på god gammaldags julestemning i Sunnhordlandstunet.

Lubbesnissane dukkar opp i gamleløa, og barn og vaksne kan delta på juleverkstad eller nyta ei heimabaka julekake i kafeen.

Suksessen frå i fjor, «Pussefure i lubbeverkstaden», av Bjørn Arve Lunde, er tilbake.

Museet byd også på julepynta stover, kafè med heimebakst, og aktivitetar kring om i museumstunet som baking av tradisjonell julebakst og tombola.

I Ådlandsstova kan du treffa lokale barne- og vaksenbok forfattarar som les frå eigne bøker. Stikk innom og slå av ein prat og kjøp flotte julegåver.

Sentralt i tilskipinga står juleverkstad av mange ulike slag. Her kan barn og vaksne laga julepynt eller julegåver saman, med veiledning frå Stord Husflidlag. Juletrea i husa våre er pynta av Ås barnehage!

Nytt av året er ei eiga utstilling om julekort og julehefter «God jul frå alle oss på Solhaug» som du finn i hovudbygget, like ved kafeen.

12279125_918433274908969_3428944658595027697_n

Lag ditt eige julekort på Sunnhordland museum: No er det nye julekortstudioet vårt ferdig. Me har testa det ut i dag.

Opningstider: Laurdag 5. desember frå kl. 11.00 – 15.00 og søndag 6. desember frå kl. 11.00 – 15.00.

Program:

Kl. 12:00:  «Pussefure i lubbeverkstaden»

kl. 13:30: «Pussefure i lubbeverkstaden»

Pris: 50.- for born, kr. 100.- for vaksne

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s