«Natur, Myter og Minner» – Utstillingsåpning søndag 13. september!

Posted on Updated on

Plakat Shelley Gertrud Pia copy

 Artist-in-Residence programmet ved Halsnøy Kloster inviterer til utstillinga

NATUR, MYTER og MINNER ved kunstnarane

– Shelley Calton (USA)

– Gertrud Fischbacher (Austerrike)

– Pia Elizondo (Mexico / Frankrike)

Utstillingsperiode 13. september til 11. oktober 2015

Opning på Halsnøy Kloster søndag 13. september kl 17.00

Gertrud Fischbacher vil vera tilstades ved opninga.

Calton, Fishbacher og Elizondo var alle på kunstnaropphald ved klosteret hausten 2014, og denne utstillinga syner nokre av resultata frå dette opphaldet, der naturen har vore viktig for alle tre, på forskjellig vis.

Shelley Calton Forest #714SHELLEY CALTON er frå Houston, Texas. Hennar arbeid har eit kvinneleg perspektiv der ho reflekterer over det ho opplever som kollektive kvinnelege erfaringar med tilhøyrande sub-kulturar. Hennar første bok Hard Knocks, Rolling with the Derby Girls vart publisert i 2009, og hennar nyaste bok Concealed, She´s Got a Gun kom ut våren 2015. Hennar arbeid har mellom anna vore stilt ut ved National Portrait Gallery i London, og ho er innkjøpt til offentlege og private samlingar.

På Halsnøy syner ho serien Into the Forest and Out by the Sea, ein fabel om ei jente si reise gjennom ein magisk skog og ut der land møter hav. På vegen får ho mange rare og uventa møter, nokre er magiske, andre er skremmande.

Serien vert vist som ein kombinasjon av bilder på veggen og ei vakker handlaga bok.

Gertrud Fischbacher_Poster_BGERTRUD FISCHBACHER bur og arbeider i Austerrike og Tyskland.

Om arbeida sine seier ho: ”Presentasjonen av naturen er eit resultat av undersøking og tolking. Denne undersøkinga gjer eg gjennom fotografi og video, og ser på noko av det grunnleggande ved naturen. For meg er naturen lys, tid, rom, struktur, og ein konfrontasjon med røyndomen.”

Arbeida hennar har vore flittig stilt ut i Austerrike og Tyskland, og er innkjøpt i fleire offentlige samlingar.

Ho syner to verk på klosteret, det eine – ”Landscape Stories” –  er ein poster som består av polaroidbilder som ho tok på Halsnøy i juni 2012 under et besøk der, og i september 2014 under kunstnaropphaldet. Det andre verket er ein video som heiter ”439” og syner eit utsnitt av landskapet på Halsnøy. Dette er ein studie i endring av lys, tid og struktur.

Pia SB-Halsnoy029 30x30PIA ELIZONDO er frå Mexico, men bur og arbeider i Paris sidan 2003.

Ho arbeider svært personleg, der ho går inn i sin eigen kvardag – i det livet ho sjølv lever – og der gjenskapar ho ei verd som ofte er mørk, men som inneheld minner, reiser, det ukjende og det intime. Ho har utdanning i litteratur og filosofi, i tillegg til  ein mastergrad i fotografi, og ho har stilt ut over store delar av verda.

På klosteret syner ho serien ”Norwegian Wood”. Ho opplevde at skogen slapp henne berre inn dersom han sjølv ville det. Og dersom ho sjølv var viljug til å lytte til han, og respektere dei som eksisterer der. ”Eg høyrde eit språk som besto av lyden av mjukt lys som hang frå greinene og ned på det mjuke laget av mose, og på forsteina skapningar som lot som om dei ikkje var der..”

For meir informasjon om utstillinga eller klosteret, kontakt hkl@sunnhordland.museum.no, eller tlf 48130020

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s