ANNA GYRIA – Fortellerframføring på Klosteret!

Posted on Updated on

Anna Gyria Vangssago (2)ANNA GYRIA

 

Halsnøy Kloster torsdag 10. september kl. 18.30

Ei forteljeframføring av og med Johanne Øvstebø Tvedten

Tonefylgje ved Ole Jakob Hystad, saksofon

Bygd på Johannes Heggland sin romanserie «Brødet frå havet»

Bill: 200,-

For  reservering av billetter: hkl@sunnhordland.museum.no

Varer 1 ½ time pluss pause.

«Anna Gyria» frå Johannes Heggland sine romanar «Brødet frå havet» blir framførd av Johanne Ø. Tvedten på Halsnøy Kloster torsdag 10. september kl. 18.30 

Forteljeframføringa «Anna Gyria» byggjer på dei fire romanane i serien «Brødet frå havet» av Johannes Heggland, og er skrive og framført av Johanne Øvstebø Tvedten, formidlingsleiar ved Sunnhordland museum.

Forteljinga skildrar den unge Anna Gyria når ho sel mjølk til fiskarane som ventar på silda i losjiskipet. Men dei er svoltne på meir enn mjølk, etter vekesvis med venting, langt heimanfrå. Ein av dei blir Anna Gyria sin fyrste ektemann, men han blir slett ikkje den siste… Året er 1846, og vi får fylgje Anna Gyria og dei andre som bur kring Svartesjøen dei neste tjuefem åra.

Tonefylgje ved Ole Jakob Hystad, saksofon.

Vel møtt!

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s