«Himmel, Hemmelighetar og Fluktuasjonar» – opnar 10. mai, kl. 17.00!!

Posted on Updated on

Plakat Maryse Virgilio Veronika copy

Himmel, Hemmelighetar og Fluktuasjonar

AiR utstilling på Halsnøy Kloster, opning søndag 10. Mai kl 17.00   Utstillinga heng til 7. juni.

Maryse Goudreau (Canada)  –  Virgilio Ferreira (Portugal)  –  Veronika Marquez (Uruguay/Spania)

Vi ynskjer velkomen til ny Artist-in Residence utstilling på Klosteret, denne gong med tre kunstnarar

som tek utgangspunkt i så forskjellige tema som kvantemekanikk, marin miljøproblematikk, og

prostituerte sin adgang til himmelen.

Maryse Goudreau  er fødd i Quebec, Canada, i 1980. Ho bur og arbeider i Escuminac og Montreal.

Ho har motteke fleire stipend frå kulturrådet i Quebec for å forske, reise, og produsere bestilte verk.

Maryse arbeider med både fotografi, performance, video, og i samarbeid med lokalsamfunn.

Ho har mellom anna gjort eit stort prosjekt der ho involverer fleire småsamfunn ved kysten av Canada

der hamnene er nedlagde og samfunna no knapt eksisterer lenger.

På klosteret syner ho bilder frå to verk: Blue Secrets er laga med den 175 år gamle teknikken cyanotypi 

der objekt er lagt i sollys direkte på eit på førehand behandla papir, og resultatet gjev vakre blå bilder.

Her er mellom anna restar av fiskemerdar brukt for å lage bilda.  Det andre prosjektet Ashes er mørke

studier av sjøen og sjøbotnen, som kan innehalde mørke hemmelegheitar.

Virgilio Ferreira er fødd i Porto, Portugal. Han er utdanna i Paris og England, med ein mastergrad i

fotografi frå universitetet i Brighton. Arbeida hans har vore vist over heile verda, og er innkjøpt til

fleire samlingar. Han har gjeve ut fire bøker og vunne fleire prisar.

På Halsnøy syner han prosjektet Fluctuations. Tittelen reflekterer Werner Heisenberg sitt prinsipp i

kvantemekanikken, kalla usikkerhetsprinsippet. Det seier at det er ei grense for kva som målast

nøyaktig i vitskapen, noko som set ei grense for mennesket sin erkjennelse av naturen.

Ut frå dette tolkar Virgilio ganske vidt, og i prosjektet sitt prøver han å reflektere interaksjon

mellom energi og masse, som ein fundamental eigenskap og universell foranderlighet.

Veronika Marquez er fødd i Montevideo, Uruguay, i 1979. Ho bur og arbeider i Madrid.

Ho er utdanna i Montevideo, Buenos Aires og New York, og har stilt ut mellom anna i Spania,

USA, Uruguay og Frankrike.

Då Veronika var 9 år gjekk ho saman med mora gjennom gatene i Montevideo, og såg på dei

utadvendte, fargerike kvinnene som gjekk gatelangs. Mora såg henne i augo og sa: ”Ver ikkje uroa,

det står i Bibelen at dei prostituerte er dei første som skal komme inn gjennom porten i himmelen”.

Veronika seier: ”I den alderen forsto eg ikkje kva dei dreiv med, men det var beroligande å vite at

himmelen var open for slike glade kvinner. Denne augneblinken har eg hugsa resten av livet.

Mange år seinare, då eg sjølv arbeidde som prostituert ein periode, tenkte eg på dette uttrykket,

og det gav meg fred: ”Vi er dei første som skal gjennom porten i himmelen”.

I prosjektet All Prostitutes go to Heaven ser Veronika på temaet seksualitet og identitet gjennom

sjølvportrett laga ved fleire teknikkar. Ho skapar ein idyllisk stad der naturen omfamnar alle kvinner

for all tid, med deira essens og seksualitet. Gleda ved det seksuelle møtet vert no gjeve tilbake til

kvinna frå naturen, gjennom intime møte med jorda, trea, sjøen, himmelen..

For informasjon om Klosteret, opningstider og anna, kontakt Sunnhordland Museum.

hkl@sunnhordland.museum.no, tlf. 53413899/ 48130020

For meir informasjon om utstillinga, kontakt Øyvind Hjelmen (kunstnarleg leiar for AiR-prosjektet)

 tlf 9008 0778 eller oh@oyvindhjelmen.com

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s