VIVA BASKET !! -VELKOMMEN TIL UTSTILLINGSOPNING PÅ HALSNØY KLOSTER SØNDAG 1. FEBRUAR 2015 KL. 15.00.

Posted on Updated on

image002

Kl. 15.00 -Foredrag og demonstrasjon med korgmakar DRUDE ISENE 

Kl. 16.00 – Utstillingsopning 

MED I UTSTILLINGA ER KNUT SKÅLA FRÅ ROSENDAL OG SAMSON ØVSTEBØ FRÅ ÅKRAFJORDEN .

VÅRE GAMLE FLETTETRADISJONAR – EIT FELLES UNIVERSELT SPRÅK!

Handverkstradisjonar knytt til fletta produkt finst i alle kulturar og kring heile verda. Sunnhordland museum og Søre Skogen ønskjer å løfta desse handverkstradisjonar opp og fram, saman med Serfenta Association i Polen. I 2015 ønskjer dei tre partnarane å spreia denne kunnskapen gjennom utstillinga VIVA BASKET som skal synast ved ulike museumsinstitusjonar i Noreg og Polen. Første visningsstad i Noreg er Halsnøy kloster der utstillinga opnar søndag 1. februar. Denne dagen blir det og eit minikurs i fletting for alle interesserte med korgmakar Drude Isene frå Vindafjord. Utstillinga vil bli vist på i Sunnhordlandstunet på Stord frå søndag 18. april.

FAKTA

VIVA BASKET er eit samarbeidsprosjekt mellom to norske og ein polsk partnar finansiert gjennom EØS-midlar, der målet er å dokumentere og ta vare på/vidareføra eldre fletteteknikkar frå Noreg og Polen.

Norske deltakarar: Sunnhordland museum og Søre skogen (Drude Isene som driver Søre skogen er  korgmakar og antropolog).

Polsk deltakar: The Serfenta Association

Tidsperiode: 2014 – 2015

OM PROSJEKTET

Kunnskap om korgfletting er ei immateriell kulturarv som i dag blir halde liv i av eit mindretal  kunnskapsbærerar. Målet med VIVA BASKET er å dokumentera den kunnskapen som fins og gjera den tilgjengeleg for eit nytt publikum – til saman seks etnografiske studiar er gjennomført i Noreg og Polen. Under feltarbeida er korgflettarar blitt intervjua og har lært vekk deira  handverksteknikkar. Dette er dokumentert gjennom film, foto og opptak av intervjua. Målet med feltarbeida er å dokumentera heile prosessen bak dei ulike flettverka frå ein hentar materialet i naturen, til det ferdige produktet. For alle dei tre partane har det vore viktig å få innblikk i den store kunnskapen om materiale, teknikkar og erfaring som ligg bak kvart produkt.

I andre halvdel av 2014 skipa prosjektet ein internasjonal konferanse om korgfletting i Polen, og i 2015 vil materialet frå feltarbeida, foto/film/sitat, og dei ulike fletta gjenstandane som er henta inn, danna grunnlag for produksjonen av ei ny utstilling. Denne skal synast ved ulike museum i Polen og Noreg. Først ute er det maritime museet i Gdansk, som får premiere på utstillinga i januar 2015.

I Noreg er det utført feltarbeid i Rogaland, Hordaland og i Sogn og fjordane, og ulike typar flettverk langs kysten på Vestlandet er dokumentert som til dømes; sivsko, tegerbinding, kiper, ruser, teiner m.m. Ein har prøvd å finna motsvar til dei ulike tradisjonane i Polen der flettetradisjonane på mange områder står sterkare i dag, men er på veg ut av dagleglivet til folk.

 OM UTSTILLINGA

VIVA BASKET er ei utstilling som vil bli sett saman av bilete og film frå feltarbeid i Noreg og Polen. Den vil og innehalda døme på alle dei flettverk som tradisjonsberarane me har  intervjua lagar. I tillegg vil ein freista og syna noko av det mangfaldet av flettverk og tradisjonar som finst, og vil syna korger og anna flettverk frå fleire deler av Noreg/Polen, og andre stader i verda.

Det er og mogleg for dei ulike musea som syner utstillinga å fylla inn med sine eigne gjenstandar frå samlingane sine. Til dømes vil Sunnhordland museum henta fram ulike korger, teiner og ruser frå våre samlingar når me syner utstillinga her.

Hovudbodskapen i utstillinga er at fletting er eit universelt språk, som har ulike utrykk på grunn av ulike ressursgrunnlag og bruksområde.

10917802_923313357686946_5364759978314051528_o

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s