Årets siste fotoutstiling: «Spor og minne- fortid og nåtid»

Posted on Updated on

Plakat Urszula Dan Sylvain Marcel copy

Årets siste fotoutstilling opnar på Halsnøy Kloster

søndag 21. september klokka 17.00.

Også denne gong markerer folk og miljø frå Halsnøy seg sterkt i utstillinga.

Kunstnarane som var på opphald på klosteret i september i fjor, er Urszula Tarasiewicz frå Polen, Marcel Pedragosa frå Spania, Sylvain Granjon frå Frankrike, og Dan Dubowitz frå Storbritannia.

Dan Dubowitz vil vera til stades ved opninga.

Urszula Tarasiewicz 1_1
Urszula Tarasiewicz

 URSZULA TARASIEWICZ bur og arbeider i Warszawa og i Oslo. Ho er utdanna i fotografi ved den nasjonale filmskulen i Polen, og har hatt utstillingar i Polen, Belgia, Tyskland, Noreg og USA.

Ho er oppteken av debatten kring ”sanninga” i fotografiet. Ho observerer rommet som omgir henne og leitar etter kontrastar mellom folk  og deira miljø. Når ein ser eit bilde, er det mange historiar ein kan velje blant, og Urszula opplever at det er betraktaren si tolking av bildet som skapar magien.

Prosjektet ”The Future is so Bright” som ho har arbeidd med på Halsnøy, viskar ut grensene mellom draum og røyndom, ungdom og vaksenliv.

Det er ein straum av augneblinkar, kjensler og minner.

Marcel Pedragosa 4
Marcel Pedragosa

 MARCEL PEDRAGOSA er frå Spania, men har dei siste åra budd og arbeidd i Paris. Han har mastergrad i fotografi frå Edinburgh College of Art.

På Halsnøy laga Marcel serien ”Broader” som for han er ein stor kontrast til det han har gjort tidlegare. Han er van med å fotografere hektisk aktivitet i storbyar, men på Halsnøy vart det viktig for han å forholde seg til natur, harmoni og balanse.

 Sylvain Granjon; Mr. Zuper & TRACKS

SYLVAIN GRANJON er fransk, og bur i Paris. Han kjem eigentleg frå sirkus og underhaldningsverda, og arbeider med portrett og konstruerte realitetar.

Dette viser seg i seriar som på den eine sida handlar om eit fantasi univers, og på den andre sida om barndom. Sylvain arbeider med nøyaktig handverk, collage og handkolorering.

Han stiller jevnlig ut i Europa.

I denne utstillinga syner han prosjekta ”TRACKS” og ”Mister Zuper på ferie”.

Mister Zuper er nok mest å oppfatte som ein anti-helt, men ser seg sjølv som sterk, vakker og intelligent. Problemet er at han er vennelaus, kraftlaus, og 10 cm høg…

Denne figuren har Sylvain arbeidd med ei tid, og dette er første gong Mister Zuper er på reise. Han møter store utfordringar på Halsnøy.

TRACKS er ein heilt ny, sterk og vakker serie som utrykkjer ein direkte konfrontasjon mellom barndom og tid. I samarbeid med folk frå Halsnøy har Sylvain fotografert dei saman med eit barndomsbilete. Det ferdige resultatet gjev ei god og tankevekkjande oppleving.

Dan Dubowitz 2
Dan Dubowitz

 DAN DUBOWITZ bur og arbeider i Manchester, England. Han er utdanna arkitekt, men arbeider med til dels store kunstprosjekt som i nokre tilfelle omfattar ein heil bydel.

På Halsnøy har han med bakgrunn i grunnlovsjubileet teke fatt i nokre av Severin Kannelønning sine bilete frå Sunnhordland, og sett saman desse med Dan sine eigne portrett av folk på øya. Resultatet er blitt svært interessante bilete på opp til 1,5 meters lengde, og denne serien har han kalla ”Postcards from Norway”.

For informasjon om Klosteret, opningstider og anna, kontakt Helen Petersen: hkl@sunnhordland.museum.no,

tlf. 53413899/ 48130020

For meir informasjon om utstillinga, kontakt Øyvind Hjelmen (kunstnarleg leiar for AiR-prosjektet) tlf 9008 0778 eller oh@oyvindhjelmen.com

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s