«Tid, Draumar og Tradisjon»

Posted on Updated on

flyer agnel lee

This slideshow requires JavaScript.

TID, DRAUMAR OG TRADISJON

Juliette Agnel (Frankrike) og Minny Lee (Sør Korea/USA)

Halsnøy Kloster, 11. mai til 1. juni 2014

Opning søndag 11. mai kl 18.00

ved Signe Ekeland, styreleiar ved Sunnhordland museum

Kunstnarane vil vera tilstades ved opninga.

Juliette inviterar spesielt dei  av dykk som vart teken bilete av ifjor til å komma og henta sitt portrett under opninga!

I høve grunnlovsdag og grunnlovsjubileum, inviterer vi til ei utstilling med både nasjonal og internasjonal vinkling.

Sunnhordland museum og Artists-in-Residence prosjektet ynskjer velkomen til utstillingsopning ved Halsnøy Kloster  søndag 11. mai kl. 18.00. Sidan oppstarten av kunstnaropphaldsprogrammet i 2010,  er dette den 8. utstillinga med fotokunstnarar som ha vore på opphald på klosteret.  Juliette Agnel frå Frankrike og Minny Lee, Sør Korea ,som bur og arbeider i New York, arbeidde begge med noko av det nasjonale ved Noreg då dei var tre veker på Halsnøy i mai 2013. Resultatet syner både internasjonale, nasjonale, og ikkje minst lokale, aspekt. JULIETTE AGNEL bur og arbeider i Paris. Ho har sidan 2011 arbeidd med eit noko spesielt kamera, eit camera obscura som var opphavet til fotografiet slik vi kjenner det. Hennar kamera er ein lystett kasse med eit lite hol i eine sida, og inni er det sett ei matt glasplate. Motivet vert avteikna på glasplata, og Juliette avfotograferer dette med digitalkamera. Slik kombinerer ho ein fleire tusen år gamal teknologi med vår moderne digitale teknologi. Under opphaldet på Halsnøy fotograferte ho mellom anna portrett av mange halsnøybuar på 17. mai, og mange av desse portretta er med på utstillinga. Juliette har skapt sitt eige univers med bilda sine, og med sine lange eksponeringstider, grovkorna struktur og draumeaktige element, set dei oss i ein svært spesiell stemning MINNY LEE er opphaveleg frå Sør-Korea, men bur og arbeider i New York. Ho presenterer fire videoverk der hovudtema er tid. I nokre av desse verka har ho nytta halsnøybuen som medspelarar, som der ho utfordra dei til å syngja, eller lese dikt. I Folkesanger ynskjer ho å sjå på tradisjon i vår moderne tid, og ho fann mellom anna at å syngja songar ein lærte på skulen lett kan bringa fram minner frå barndommen. Medan for andre vert syngjinga ei framføring der ein nærast forhandlar med seg sjølv om kor langt ein skal sleppe seg laus. Verket Bunad består av norsk folkemusikk og stillbilder av Minny sjølv kledd i bunad.  Her ser ho på tradisjon og identitet, korleis ho ser ut frå utsida i norsk  bunad med hennar asiatiske trekk, korleis ho kjenner det inni seg sidan ho ikkje har nokon tilknytning til Noreg. Minny har uttalt at sidan ho reiste frå Sør-Korea har ho eigentlig alltid leita etter vegen heim. Dette verket kan nok og sjåast i samanheng med dette.   For informasjon om Klosteret, opningstider og anna, kontakt Sunnhordland Museum. hkl@sunnhordland.museum.no, tlf. 53413899/ 48130020 For meir informasjon om utstillinga, kontakt Øyvind Hjelmen (kunstnarleg leiar for AiR-prosjektet) tlf 9008 0778 eller oh@oyvindhjelmen.com

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s