Påskeutstillinga ved Halsnøy Kloster syner Halsnøybuen som medskaparar av fotokunst

Posted on

Påskeutstilling og ope Påskehus har blitt ein tradisjon og starten på sesongen her på Halsnøy Kloster. Slik blir det i år og.

Og det er med spaning og stor glede vi inviterer både lokale og tilreisande til opning av Påskeutstilling og sesongstart med påskeope hus.  Som de ser av overskrifta er halsnøybuen ( ja ! DE.. 😉  ) sterkt medverkande i utstillinga. Vi vil gjerne takke falle som stilte opp og no må de komma og sjå resultatet!!

Påskeutstillinga ved Halsnøy Kloster syner Halsnøybuen som medskaparar av fotokunst :

NET WORKS og REINDEER-MAN

av Caroline Vaillant (Frankrike) og Lucia Herrero (Spania)

Dette er ein Artists-in-Residence utstilling ved Halsnøy Kloster i samarbeid med lokale halsnøybuar. Utstillinga  vert å sjå  i perioden 11.4 – 4.5. 2014

 Opning fredag 11. april kl. 18.00 !!

I september 2012 var Lucia Herrero og Caroline Vaillant på kunstnaropphald på klosteret, og dei arbeidde begge med prosjekt der Halsnøybuen stilte opp som modellar, medhjelparar og medskaparar av verka. Både kunstnarar og arrangørar er svært glade for at folket på Halsnøy tek så godt i mot dei tilreisande fotografane og tek del i deira prosjekt.

No kan lokale og tilreisande få oppleve bilda til to kunstnarar som arbeider både med humor og seriøsitet, for under ei humørfylt overflate ligg det alvorlege undertonar.

 OPE PÅSKEHUS

Det vert som tidlegare år ope påskehus på klosteret også i år. Her treffer du dei kjekke jentene Tonje og Sandra Løvstakken som har vore guidar på klosteret gjennom fleire sesongar. Dei held kafé, open utstilling, aktivitetar for born og omvising for dei som ynskjer det.

Om kunstnarane:

LuciaLUCIA HERRERO er frå Barcelona i Spania.

Ho er utdanna innan fotografi i Madrid og Amsterdam, arkitektur (Madrid) og fysisk teater (Barcelona). Ho har vunne fleire prisar for arbeida sine, og har stilt ut i 13 land.

Reindeer-man (reinsdyrmannen) kan karakteriserast som ein ”road-trip” og framstår som ei blanding av dokumentar og fabel. Dette er typisk for Lucia sin måte å arbeide på, ho har utvikla det ho kallar ”Antropologia Fantastica”. Her er den sosiale analysen like viktig for henne som sjølve historia ho fortel.

Reinsdyrmannen er på leiting etter sin eigen identitet, og derfor gjev han seg ut på vegen. I møte med folk er han venleg, men på eit vis infiltrerer han deira normale verd, og slik utfordrar han den sunne fornuft i oss.

Caroline-Vaillant CAROLINE VAILLANT  bur og arbeider i Bagnolet og Paris, Frankrike.

I 2002 starta ho eit prosjekt kalla ”Do you want to knit wih me?” der ho reiste inn i eks-Jugoslavia for å møte folk frå alle dei tidlegare stridande partane. Der sette ho set ned og strikka, folk vart nysgjerrige og ho inviterte dei med til å strikke på den andre enden av skjerfet ho heldt på med. I løpet av 6 månader på Balkan hadde ho ”strikka menneske saman” på tvers av kjønn og sosiale og territoriale grenser.  Sidan har ho fortsett og utvikla dette til nye prosjekt.

I Net Works inviterte ho folk på Halsnøy til å strikke. Litt etter litt er strikketøyet blitt fleire lange deler som kjem ut frå eit felles punkt. Undervegs fotograferer ho, og deltakarane vert ikkje berre modellar, men og dei som faktisk framfører – eller produserer-, verket. Strikking er for mange ein svært sosial aktivitet, og kunstnaren set dette inn i ein samanheng med landskapet og geografien på øya. Slik kombinerer ho den norske og lokale strikketradisjon (kanskje for enkelte strikke-mani) med sin egen sans for å skape ein scenografi ut av nærområdet.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s