Halsnøy kloster som eige tema i NRK P2 MUSEUM
NRK P2 ved Jan Henrik Ihlebæk har produsert eit radioprogram om Halsnøy kloster som vert sendt i det populære serien «Museum – et program om norsk historie» førstkommende lørdag 05.03, kl. 16.03, med reprise søndag kl 16.03.
Dei som vert intervjua i programmet er kunsthistorikar Hans-Emil Lidén, konservator Tore Lande Moe ved Sunnhordland Museum og arkeolog Bård Gram Økland (Bergens Sjøfartsmuseum).
Det er 850 år sidan Halsnøy kloster vart oppretta, som eitt av 27 mellomalderkloster i Noreg og eitt av fem knytt til Augustinar-ordenen. Klosteret vart eit viktig senter både religiøst og kulturelt. Ved utgangen av mellomalderen var det ein mektig jordeigar som prega områda rundt i vid krins.
Lenke til NRK P2 MUSEUM: http://radio.nrk.no/serie/museum