Klosterdag 2013 – Halsnøy kloster startar sommarsesongen med ope hus søndag 9. juni.

Posted on

Klosterdag 2013 – Halsnøy kloster startar sommarsesongen med ope hus søndag 9. juni. 

Klosterdagen er ein tradisjonsrik minifestival i Kvinnherad der gode kunst- og kulturopplevingar står i sentrum. I år vert det spanande kunstutstilling i Klostergalleriet med biletkunstnar Mette Torvund, som er busett på Halsnøy, lokalhistorisk føredrag med Gunn Marit Sæbø Meyer og konsert med solistkvartetten Membra, der blant anna kvinnheringen Tore Kloster er ein av songarane.

Dagen har mange høgdepunkt og eitt av desse vert opning av Kulturløypa i landskapet kring Halsnøy kloster. Her vert det «klypping av snor, kveikjing av eld og ord for dagen» som Bjørn Arve Lunde ville sagt det.

 Foto: Marie Docher

Kulturløypa er komen til gjennom eit samarbeid med Venelaget for Halsnøy kloster, Sunnhordland museum og Hordaland fylkeskommune. Kulturløypa er finansiert av Riksantikvaren, lokalt næringsliv og Havforskingsinstituttet.

Om Aktørane:

Bilde tatt 10.03.2012 kl. 12.32 #2Mette Torvund , født 1973, er oppvaksen i Sandnes. Dei seinare åra har ho og familien vore busett på Halsnøy i Kvinnherad.Torvund arbeider med maleri, teikning og foto. I denne utstillinga vil ho visa abstrakte måleri inspirerte av naturen, figurative teikningar og foto som går tett innpå og tenderer mot det abstrakte. Arbeida/verkene er laga i perioden 2002 – 2013.

Ho tek i bruk prosessar frå naturen, som froststrukturar, regn og ild. Materialar/element som jord, ild, vatn og voks, vert nytta eller får spela ei rolle.

Mette Torvund er utdanna ved kunstakademiet i Trondheim/NTNU, der ho i hovudsak arbeidde med måleri, men også ein del med foto og andre teknikkar.

IMG_7721-copyLokalhistorisk føredrag med Gunn Marit Sæbø Meyer : «ved kanten av stupet»

Frå forlaget: «Hvordan kan en leve med tap, savn og sykdom på samme tid som det er rom for humor, lek og håp? Gunn Marit Sæbø Meyer har skrevet en bok om hvordan menneskene i et lite og isolert bygdesamfunn møter sykdommen med de lange armene, tuberkulosen. Hun følger en 14-årig jentes kamp mot sykdommen fra de første forsiktige tegnene til hun sendes til Luster Sanatorium. Her tilbringer hun 11 mnd. Boken bygger på en sann historie og er rikt illustrert både i sort/hvitt og i farger.. Forfatteren Elisabeth Aasen sier dette om Meyer og boken hennes: «Et skjønnlitterært talent og en dramatisk og viktig bok.»

Gunn Marit Sæbø Meyer har tidligere skrevet to bøker for barn og ungdom: En om Kitty Kielland og en om Amalie Skram. Dette er hennes første bok for voksne og på eget forlag.»

DSC_9543Havforskningsinstituttet ved Øystein Skaala: Skaala vil gi en orientering om tanken og bakgrunnen for instituttet sitt informasjons-skilt i kulturløypa i samband med instituttet sin formidlingsrolle om Hardangerfjorden i Skarvasteinen og Hardangerfjordprosjektet EPIGRAPH .

 

 

 

 

 

4472_2 copyMembra solistkvartett på Halsnøy Kloster.

Klosterdagen Sundag 9. juni kl 1600 syng Membra solistkvartett ein utandørs korkonsert utanom det vanlege på Halsnøy Kloster. Membra solistkvartett består av dei fire songarane Ingvill M. Holter, Åsne Kvamme, Tore Kloster og Olav Veierød.

Forutan å syngja saman på «vanleg» vis, tek dei i bruk røyr og megafonar for skapa heilt nye klanglege opplevingar. Repertoaret er variert: Frå tøys og tull og publikumsfrieri til gregoriansk song og vakre sommarsongar. Det er ein konsert for dei som likar god song, men også for dei som er nyfikne på litt vokal leik.

Membra solistkvartett består av profesjonelle songarar med lang erfaring frå både solo- og ensemblesong. Dei ynskjer å gje publikum ei god konsertoppleving gjennom klangar og presentasjonsformer som er nye og spennande. Smakfullt blanda saman med kjende og kjære songar som høver utandørs i sommartida. Kvartetten er oppteken av å finna den hårfine balansen mellom å vera solist og korsongar, og dei ynskjer i den eine augneblinken å vera eit homogent kor, for så å vera fullblods solistar. Opptrinnet på Halsnøy er ein del av ein liten Sunnhordlandsturné. Den samme konserten vil bli å høyra på torgdagen i Skånevik på laurdagen. Membra presenterer også ein annan konsert, saman med pianist og organist Knut Christian Jansson, i Valen og Nysæter kyrkjer.

 

Program Klosterdagen 2013:

 

Kl. 13.30 – 14.00: Klosterkaféen opnar i gamle kjøkenet

Kl. 14.00 – 14.15: Opning av sommarutstillinga2013. Biletkunstnar Mette Torvund. Musikkinnslag ved Membra

Kl. 14.30 – 15.00: Lokalhistorisk Føredrag med Gunn Marit Sæbø Meyer med utgangspunkt i boka hennar « Ved kanten av stupet» – om korleis menneskene i eit lite og isolert bygdesamfunn møter sjukdommen med dei lange armane, tuberkulosen. Boka vil og vera for salg denne dagen på Halsnøy Kloster.

Kl. 15.45 – 16.00: Opning av Kulturløypa i landskapet kring klosteret. Opning  og orientering ved leiar i Venelaget for Halsnøy Kloster, Toril Romsø , forskar og biolog Øystein Skaala frå Havforskiningsinstituttet og Jane C.S. Jûnger frå Sunnhordland Museum.

Kl. 16.00 – 17.00: Konsert m solistkvartetten Membra

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s