Songar og Sonettar av William Shakespeare

Posted on Updated on

Vi tenner i peisen, fyller varmt i koppene, korter ned vinteren litt og ønsker velkommen inn i stuene til et musisk-litterært program:

«Songar og sonettar av William Shakespeare»

med Per Olav Kaldestad, forfatter, Aasmund Kaldestad, tenor og Vegard Lund, lutt/teorbe.

Onsdag 6. mars, kl. 19.30 i stuene på Halsnøy kloster, bill. kr. 150.-

Programmet er støtta av Norsk Forfattersentrums Medlemsfond

Om aktørene

william_shakespeare WILLIAM SHAKESPEARE OG MUSIKKEN

William Shakespeare (1564-1616) var framfor alt dramatikar.  Det meste av diktinga hans er skapt for munnleg    framføring, den er dikting for øyret og for augneblinken.  Den viktigaste grunnen til at han blei så populær i samtida, og så stor i ettertida, er hans eineståande evne til å uttrykkja komplekse tankar så enkelt, slåande og berørande.  Og det som mest av alt fyller diktinga hans med eit sterkt fysisk nærvær, er den gjennomførte musikaliteten i språket.  Tenk berre på nokre av dei mest kjende Shakespeare-sitata som er rivne ut av samanhengen sin og spreidde omkring:

«All the world’s a stage/and all the men and women merely players”

”We are such stuff/ as dreams are made on”

”Th’ expense of spirit in a waste of shame/is lust in action”

Felles for alle er den fint avrunda tonegangen med utsøkte variasjonar i klang og rytme.

Shakespeare sine sonettar er òg, trass i si grunnleggande skriftlege natur, fulle av musikk – det siste av dei nyss siterte eksempla er opninga av hans sonett 129.  I desse dikta kan me sjå tydeleg korleis klang, tonegang og rytmeføring er nøye knytt til det tematiske forløpet i teksten. 

Eit eksempel er sonett 65, som opnar slik:

Since brass, nor stone, nor earth, nor boundless sea,

But sad mortality o’er-sways their power,

 How with this rage shall beauty hold a plea,

Whose action is no stronger than a flower?

Rytmen i fyrste lina er hoggande og mørke vokalar og gnurande konsonantsamanstillingar pregar dei to fyrste linene, mens dei to neste opnar seg i lysare vokalar, mjukare konsonantar og ein gradvis jamnare rytme.  Når ein skal prøva å framkalla desse linene på norsk, må ein i tillegg til meiningsinnhaldet i orda etablera ei tilsvarande skifting mellom vokalar, konsonantar og rytme-element – og det bør helst oppstå ein musikk som gir inntrykk av det rike spennet i originalen.  Mitt forsøk blei slik:

Når bronse, stein, og jord, og digre hav

                        er underlagde dødens mørke vilje,

                        koss skal det vakre mot slik velde føra krav

                        med styrke som ei lita vever lilje?

I omgangen med Shakespeare blir ein heile tida mint om det nære sambandet mellom litteratur og musikk.

Musikalske element er ikkje berre fundamentalt innvovne i det litterære uttrykket til Shakespeare, i mange av skodespela tar han òg i bruk musikk meir openbert.  I tillegg til instrumentale innslag nyttar han ofte songar som viktige dramatiske verkemiddel.  Bruk av songar er særleg typisk for komediene frå slutten av 1590-åra og fram til 1612 – som  A Midsummer Night’s Dream, As You Like It, Twelfth Night, The Winter’s Tale, og The Tempest, men det er òg songar på sentrale plassar i tragedier som Romeo and Juliet, Hamlet og Othello.

Det er ofte blitt spekulert i ein biografisk bakgrunn for sonettane til Shakespeare, men det stiller seg i utgangspunktet annleis med songane hans.  For det fyrste er dei lagde i munnen på ulike rollefigurar, og for det andre er dei for det meste skrivne inn i meir formelaktige sjangrar som folkeviser, revyviser, balladar og danseviser – eller dei er omskrivingar og bearbeidingar av eksisterande songar.  Likevel er dei poesi som tydeleg er laga med kjærleg hand – noko som alltid er teikn på ein særleg nærleik mellom diktaren og diktet.

Songane er laga for framføring, svært ofte til eksisterande melodiar, og dei tener dramatiske funksjonar.  Men sjølv om dei ikkje er meinte som isolerte lesestykke, forsvarer dei plassen sin jamsides den mest utsøkte skriftpoesi.  Endåtil ein såpass kritisk diktlesar som den engelske modernismens frontfigur Ezra Pound, som fann ein del av Shakespeare sin poesi snakkesalig og unødvendig ornamentert, lovpriser den verbale økonomien og musikaliteten i songane.

Den elisabethanske komedien hadde teke i bruk songar før Shakespeare gjorde det, men det var han som gjorde bruken av song i skodespel til ein del av den kunstnarlege heilskapen.  I somme av skodespela blir songar brukte for å driva fram eller avslutta handlinga (”O mistress mine” og ”When that I was and a little tiny boy” i Twelfth Night), i andre skodespel blir dei brukte for å karakterisera og framstilla kjenslene til personar – bipersonar som Amiens i As You Like It og Autolycus i The Winter’s Tale og meir sentrale personar som Ophelia i Hamlet og Desdemona i Othello.  Og endeleg kan dei gå inn i ein større dramatisk-musikalsk heilskap, mest gjennomført i The Tempest.  Enkelte av songane har dessutan lokaliserande, miljøskildrande og stemningsskapande funksjonar, noko som må sjåast i samanheng med fråværet av kulisser på den elisabethanske scenen – det gjeld for eksempel ”Under the greenwood tree” og ”It was a lover and his lass” frå As You Like It.

Endå songane er knytte til rollefigurar, er det nærliggjande å sjå enkelte av dei som poetiske masker for diktaren sjølv.  Fleire av dei sterkaste tekstane er lagde i munnen på narren eller ein rådgivarfigur, og dei har òg ei generell adresse som går langt ut over funksjonen i handlinga.  Det gjeld kanskje særleg ”Sigh no more, ladies” frå Much Ado About Nothing, men òg i songar som ”O mistress mine” og ”When that I was and a little tiny boy” er det mykje som skil teksten ut frå samanhengen og lar den tala som eit lite kunstverk i seg sjølv.

Mange komponistar har gjennom tidene sett melodiar til Shakespeare sine songar.  I arbeidet med å gjendikta desse songane har eg derimot hatt dei eldste dokumenterte melodiane for auga – melodiar songane anten opphavleg er skrivne til eller som er komponerte til tidlege oppsettingar.  Ved moderne oppsettingar av Shakespeare-stykke kan det rett nok ha ein uheldig arkaisk verknad å bruka tidlegare tiders musikk i songane, sidan dei har så definerte funksjonar i sine respektive drama.  Men når eg no med overlegg har teke tekstane ut av samanhengen og presenterer dei som enkeltståande songar, har eg funne det mest høveleg å ta fram desse gamle melodiane.  Noko av det fine med dei er at dei framhevar teksten, anten dei er folkemelodiar eller gjennomkomponert kunstmusikk – og eg skal ikkje nekta for at eg òg kjenner ei særleg glede ved å oppleva korleis desse tidlege tonane fyller mine norske ord av i dag.

Per Olav Kaldestad

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s