”TALES and DISAPPEARANCES” (Historiar og forsvinningar)

Posted on Updated on

NY UTSTILLING PÅ HALSNØY KLOSTER –”TALES and DISAPPEARANCES”  (Historiar og forsvinningar)

Danielle Voirin (USA / Frankrike) og

Brijesh Patel (India / Storbritannia)

 

 OPNING SUNDAG  9. September kl. 17.00

 

 

 

Det er ei spanande og interessant utstilling som vert vist ved Halsnøy Kloster frå 9. september.

Danielle Voirin og Brijesh Patel var utvalde til kunstnaropphald på klosteret i september 2011, og det er resultatet av dette opphaldet som no vert vist.

 

Brijesh Patel arbeider vanlegvis med ideen om India som tema, landet der han vaks opp. I dette prosjektet prøver han å forstå landet sitt på ein personleg måte, og han undersøkjer dei enorme endringane det store landet går gjennom.

Patel er utdanna i fotografi i London, og arbeider der med store kundar som Monocle, Financial Times og The Telegraph. Han arbeider for tida mellom anna med eit prosjekt inspirert av OL i London, som skal stillast ut neste år.

 

På Klosteret syner han bilder frå serien ”Halsnøy Tales” (Halsnøy historiar), eit prosjekt der han mellom anna samarbeidde med elevar ved Sunnhordland Folkehøgskule.

 

Danielle Voirin er frå Chicago i USA, men har dei siste åra budd i Paris der ho livnærer seg som freelance fotograf innan interiør, portrett og magasin / blader.

Hennar tilnærming til kunstfotografiet er gjennom sjølvportrett som ho bruker for å finne sitt forhold til livet, og sin plass i det.

 

Serien ”Disappearances” (Forsvinningar) som ho syner på Klosteret, omtalar ho som kryssingar av tid på ein stad som ikkje gløymer. Der det er dag om natta, mørkt når det er lyst, då – når det er no, ein stad vi fortsatt er etter vi har reist.

 

Utstillinga vert opna av museumsstyrar Jane Jünger,

og den vert hengjande til 7. Oktober.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s