Klosterdag laurdag 9. juni 2012

Posted on Updated on

 Katten Felix Fiigenshoug møter du i Klostergalleriet, medan Fliflet og Maurseth held familiekonsert i grøna stova og Øvstebø Tvedten fortel eventyr for barna. Halsnøy kloster starter sommaren med ope hus laurdag 9. juni, med aktivitetar for både små og store.

Klosterdagen er ein tradisjonsrik minifestival i Kvinnherad der gode kunst og kulturopplevingar står i sentrum. I år blir det spanande kunstutstilling og boklansering om katten Felix Fiigenshoug’s liv og virke, i regi av Statsgalleriet for Rikskunst, med biletkunstnar Jan Terje Rafdal, frå Etne. Meir om prosjektet kan du lesa her: Statsgalleriet for Rikskunst.

Det blir og flott familiekonsert i stovene med Gabriel Fliflet, vokal og trekkspell, og Benedicte Maurseth, fele og vokal. Fliflet er kjent for å væra eit fyrverkeri på scena med eit smittande humør og speleglede, Maurseth som ein meget dykitg felespillar og folketonetolkar. Meir om Fiflet/Maurseth kan du lesa her: OM.

Ingen klosterdag utan historiske føredrag og i år er tema: «Kvar kjem klostersteinen frå?», ved geolog ved UIB, Øystein Jansen, og ei presentasjon av Sunnhordland årbok 2011; «Smaken av Sunnhordland» – lokale matrradisjonar, med Heidi Eikremsvikt. På gamlakjøkenet kan du smaka lokal bakst og raudravle.

For dei minste blir det forteljestund med museet sin eigen undervisningsleiar Johanne Øvstebø Tvedten, og dei litt eldre kan laga sitt eige «kamera obscura» med fotograf Øyvind Hjelmen.

Halsnøy kloster er ein populær plass å gifta seg og Klosterdagen 2012 kan freista med vigsel i tunet og brudemarsj spela av Benedicte Maurseth under festivalen. Det blir og presentasjon av kunstnaropphald-programmet på klosteret ved Sunnhordland museum og Marie Docher, frå Frankrike.

oppdatert Program for Klosterdagen 2012:

Kl. 13.00: Opning av dagen og kunstutstillinga – » Felix Fiigenshoug’s liv og virke i regi av Statsgalleriet for Rikskunst, med biletkunstnar Alf Terje Rafdal».

Kl. 13.45: «Smaken av Sunnhordland» – kåseri om lokale mattradisjonar med Heidi Eikremsvik.

Parallelt går også desse:

Kl. 13.45: Forteljestund for dei minste med Johanne Øvstebø Tvedten.

Kl. 13.45:  «Eit magisk møte med lyset» – mini fotowoorkshop for born mellom 10 – 100 år med fotograf Øyvind Hjelmen.

Kl. 14.30:  «Kvar kjem klostersteinen frå?», føredrag med professor i geologi ved Universitetet i Bergen, Øystein Jansen

Kl. 15.30:    Vigsel på området med gjester og brudemarsj.

Kl. 16.00:    Presentasjon av kunstnaropphald på klosteret ved Marie Docher, Frankrike.

Kl. 17.30: Familiekonsert i stovene, med Gabriel Fliflet, vokal og trekkspell, og Benedicte Maurseth, fele/vokal.

Ope kafè og hus til klokka 22.00.

Om de treng meir info kan de ta kontakt med Helen Petersen 48130020 eller Jane Jünger, tlf 41255893.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s