Internasjonal Fotografiutstilling

Posted on

 Sundag 13. Mai kl. 17.00 opnar utstilling med fotografi av

HARUNA KAWANISHI (Japan)

CAROLINE BROWN (Storbritannia)

LISBETH BANG (Danmark / Noreg)

Utstillinga viser resultatet av desse kunstnarane sitt opphald på Halsnøy Kloster 20. Juni til 11. Juli 2011. 

(Meir om kunstnaropphalds-programmet ved Halsnøy Kloster i eiga pressemelding.)

from «Making map»

HARUNA KAWANISHI er frå Tokyo i Japan. Ho er utdanna ved Nihon University College of Art, og arbeider som filmprodusent og manusforfattar i tillegg til arbeidet med kunstfotografi. Kortfilmane hennar har vore vist mellom anna på filmfestivalar i Japan, Frankrike, Korea, USA, Singapore og Italia, og ho har hatt fleire fotografi-utstillingar i Japan, Frankrike og USA.Dette er første gongen ho stiller ut i Noreg.

Haruna kom til Halsnøy berre tre månader etter det store jordskjelvet i Japan våren 2011, og kontrasten opplevdes som stor.

Ho syner to prosjekt i form av projeksjon; ”Making Map” som handlar om mennesket si kjensle av omflakkande tilvere skapt av det 21 århundret. Temaet omhandlar den moderne kvinna som ved hjelp av sine fem sansar prøver å finne ut kvar ho er akkurat no, og prøver å lage sitt kart ut frå det. Det andre prosjektet er inspirert av eit japansk eventyr som heiter ”Ringing Bell” om eit lam som vil vere ulv. Bodskapen  her er at alt har sin samanheng i verda, og vi treng å vere bevisst alt i våre omgivnader.

 

 

 

Halsnoy kloster, a portrait

CAROLINE BROWN har med anna mastergrad i fotografiske studier ved University of Westminster. Ho har vore med på fleire utstillingar i England, og hennar arbeid handlar om møter mellom teknologi, arkitektur og natur. Ho er interessert i kreftene i menneskeheten og naturen, og korleis dei formar landskapet.

Hennar bidrag til utstillinga er ei biletbok der ho har laga eit portrett av Halsnøy Kloster, og tek for seg historia og dei minnene staden sit inne med etter dei mange hundreåra.  Alt opplevd og kjent på av kunstnaren gjennom nokre sommardagar i 2011.

 

 

 

fra "Tegn, signal, hensikt" LISBETH BANG er opphaveleg frå Danmark, men bur og arbeider i Oslo. Med bakgrunn som lege, journalist og forfattar, og i tillegg fra teater og dans, har ho – i likhet med Caroline Brown -, og utdanning som biletkunstnar, m a frå University of Westminster.

 Bang sitt prosjekt har tittelen TEGN SIGNAL HENSIKT, og er hennar opplevelse av klosterområdet og familien Juel sitt hus, og dei tegn og signal ho les inn i omgivnadane. Som ho skriv: ” jeg har valgt å fotografere de seirendes tegn og signaler for å løfte frem den kommunikasjon jeg ser i dem”.

 

 

 

 Utstillinga vert hengande fram til 3. Juni 2012

 For meir informasjon, kontakt  Halsnøy Kloster:  hkl@sunnhordland.museum.no

 

Advertisements

2 thoughts on “Internasjonal Fotografiutstilling

    Catherine Cameron said:
    11. mai 2012, kl. 08:13

    Spennende! Og gratulerer med første store utstiling i forbindelse med Aritists in Residence programmet! Catherine Cameron

      Helen Petersen responded:
      11. mai 2012, kl. 10:02

      Tusen takk Catherine!..og flere vil det bli 😉
      H.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s