Føredrag og utstilling med Morten Krogvold !!

Posted on Updated on

Morten_Krogvold-foto-Knut-Koivisto

 Føredrag torsdag 29. Mars kl. 19.00,

Kulturløa, Sunnhordland Folkehøgskule, Halsnøy.

 

Utstillingsopning torsdag 29. Mars kl 20.00, Halsnøy Kloster. Opning ved forfattar Einar økland

___________________________________________________

 

Sunnhordland Museum og Fotograf Øyvind Hjelmen inviterer til føredraget

 

Morten Krogvold i fri dressur!

– Betrakningar om ting vi tek for gitt –

 

Vi er stolte av å kunne invitere til dette føredraget med ein av Noregs mest ettertrakta føredragshaldarar. Morten Krogvold har  undervist fleire tusen norske fotografar på workshops, og han har føredrag for store deler av norsk næringsliv, som til dømes Statoil, Telenor og Norges Rederiforbund, i tillegg til konsern som Carlsberg og Nokia.

Krogvold sin portrettserie ”Ansikt til ansikt” har gått på NRK i fleire år, og han er utnemnd til Riddar av St. Olavs orden for sitt arbeid for norsk fotografi.

Han har dei siste åra mellom anna vore fast fotograf for kongefamilien, og han har hatt ei mengd utstillingar i inn – og utland.

 Morten Krogvold er kjend for å ikkje legge fingrane i mellom i sine føredrag. Her kjem det ærlege og openhjarta meiningar, kanskje provoserande for enkelte, men alltid godt underbygde.

Det vert høve til spørsmål.

CV Morten Krogvold

Sunnhordland Museum og Øyvind Hjelmen.

 I 2011 vart det i samarbeid med fotograf Øyvind Hjelmen opna opp for kunstnaropphald for fotografar på Halsnøy Kloster. Hjelmen er fagleg ansvarleg for programmet som tek imot fotografar frå verda over etter søknad. Forrige år hadde muséet 7 kunstfotografar på opphald på Halsnøy Kloster og det er venta 8 kunstfotografar i år. Dette er så langt den einaste staden som har kunstnaropphald primært for fotografar, i Noreg.

Øyvind Hjelmen har sjølv delteke på utallige workshops med Morten Krogvold dei siste 20 år, og vil vera med å leia spørsmålsrunden på tampen av føredraget.

 

Utstillingsopning

Etter føredraget på Sunnhordland Folkehøgskule vert det opning av utstillinga ”Fotografier” av Morten Krogvold på Halsnøy Kloster.

 

Dette er ei utstilling av Krogvold-bilete som er sett saman med tanke på den spesielle utstillingstaden som Halsøy Kloster er. Her vil ein finne rolege, kontemplative bilete, her er djuptgripande historiar, men og dramatikk med sjø og vér.

 

Utstillinga vert opna av forfattar Einar Økland.

This slideshow requires JavaScript.

 

Det vert kafé og ope hus med sal av både «tørt og vått» i etterkant av opninga.

Advertisements

2 thoughts on “Føredrag og utstilling med Morten Krogvold !!

    teresebfoto said:
    9. mars 2012, kl. 08:54

    Så kjekt! Dette må vi få med oss!
    Må man melde seg på?

      Helen Petersen responded:
      9. mars 2012, kl. 08:58

      ja, det vil bli lagt ut påmelding til foredraget Terese 😉

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s