Styremøte i trivelige omgivelser.. ;)

Posted on

 

Referat frå styremøte i Venelaget, tysdag 13. september 2011

Desse møtte: Wenche, Øyvind, Ledis, Helen, Heidi og Toril. Ragnhild hadde meldt forfall.

 

Det er interesse for å arbeide vidare med tankane om å få til ein urtehage på klosteret. Me veit frå tidlegareat det i tilfelle måtte blitt laga kassar el.l. til å planta i. Både Valen og Baroniet er aktuelle å venda seg til for råd og planter. Helen vil snakka med Riksantikvaren, som kjem 20. oktober, om løyve og eventuell plassering. Wenche og Øyvind blir pådrivarar i arbeidet.

Pamfletten me laga i sommar bør trykkjast opp, slik at me har han klar til neste sesong. Heidi sender han over til Helen, som vidaresender utkastet til det same trykkeriet som museet brukar til plakatane sine. Dei gjer fint arbeid og er rimelege på pris. Det kom framlegg om å få inn bilete av klostermuren som bakgrunn på heile baksida.Fargane kunne også tilpassast dei som klosteret brukte. Me vart einige om å bestille 1500 stk i første omgang.  Venelaget kostar trykkinga.

 Det er interesse for å danne ein lesesirkel på klosteret. Biblioteket skal kanskje ha eit arrangement på klosteret, der Åshild Ulstrup skal komma og lesa. Me vil signalisere at det også er av interesse for oss å delta, evt få til eit samarbeid med dei.

 Elles har me lyst å arrangere ein korgafest, der alle medlemmene i Venelaget blir inviterte til å komma. Heidi lagar ein invitasjon, som går direkte til medlemmene. Det blir påmelding. Datoen blir fredag 14. oktober, då dette passa for dei fleste. Styret blir festkomite og har planleggingsmøte 4. oktober. Vidar Isdal er førespurd om å underhalda og har sagt ja.

 

Med beste helsing

Toril

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s