Vi minner om:

Posted on

WORKSHOP PÅ  HALSNØY KLOSTER

MED FOTOGRAF ØYVIND HJELMEN

10. – 14. august 2011

Digitalt, eller svart/kvit    filmbasert.

Maksimum 10 deltakarar, min.7.

 

Sunnhordland Museum inviterer til fotografisk workshop med Øyvind Hjelmen på Halsnøy Kloster 10. – 14. August 2010.

ØYVIND HJELMEN har arbeidd med fotografi i 20 år, han har hatt utstillingar i 12 land og arbeida hans er kjøpt inn til samlingar både i Noreg og i utlandet. Forutan å undervise ved eigne workshops er han føredrags- og workshophaldar ved Bilder Nordic School of Photography i Oslo, og han held workshops for bedrifter. Han har og vore gjesteførelesar ved American Intercontinental University i London.

Øyvind Hjelmen har gjeve ut tre bøker; Sentimental med Sunnhordlandsforfattarane (Eide Forlag, 2005), Ri Vinden med Per Jan Ingebrigtsen (Bokforlaget Publica, 2009) og Elsewhere (Kehrer Verlag, 2010).

HALSNØY KLOSTER vart grunnlagt som Augustinerkloster i 1163, og mellom klosterruinane vart det i 1841 oppført eit hus som i dag er hovudhuset på klostertunet. Halsnøy Kloster er ein del av Sunnhordland Museum, og ligg i praktfulle omgjevnader ved innløpet til Hardangerfjorden.

Klosteret har i dei seinare åra vore eit senter for kunst og kultur, med konsertar, utstillingar og andre typar tilskipingar.

Klosteret er også i ferd med å opparbeide seg ein posisjon når det gjeld formidling av fotografi, med tilbod av både internasjonale kunstneropphald og workshops. Vi har eit nært samarbeid med Sunnhordland Folkehøgskule som tilbyr studier i teater, musikk, dans, biletkunst, lyd og speldesign. Skulen ligg berre 5 minuttars gonge frå klosteret. Under workshopen vil det vera mogeleg å nytta mørkerommet ved skulen for dei som ynskjer å jobbe på svart/kvit film.

WORKSHOPEN vil fokusere på den einskilde sin veg mot eit eige personleg fotografi, anten ein leitar etter eit slikt uttrykk, eller ein ynskjer å reindyrke det ein har.

Det vert føredrag, utfordringar, og 3 ½ interessante og spanande døger. Vi vonar å få til at alle bur i hovudhuset, og at vi samlast til alle måltid. Slik trur vi at ein intim atmosfære for workshopen bidreg til gjensidig kreativ inspirasjon hos alle.

PRIS: Workshopen koster kr. 4500,- og det inkluderer alle måltid og overnatting!  Det einaste du treng å tenkje på utanom, er reisa di.

Dersom du ynskjer å arbeida på film, er nytta av mørkerom og all kjemi inkludert i prisen, men du må sjølv syte for å ha med film og papir til eige forbruk.

REISE: Halsnøy er lett tilgjengeleg med bil, eller om ein kjem med fly til Haugesund, Stord eller Bergen. Det går båt frå Bergen, og frå Haugesund eller Stord reknar vi med å kunne organisere transport frå flyplassane til klosteret dersom det er naudsynt.

Overnatting vert som nemnt i hovudhuset, som var Juel-familiens heim i ca 100 år. Huset er eit museum, men der er 4    to-manns rom og 2 enkeltrom med brukbar komfort. Ein lyt dela bad. Om naudsynt, eller om nokon har ynskje om det, har vi også tilgjenge til rom ved folkehøgskolen.

All undervisning og alle måltid vert i stovene i huset.

Vi ynskjer velkomne til ei intim og interessant langhelg i svært spesielle omgjevnader.

For meir informasjon og påmelding, kontakt hkl@sunnhordland.museum.no

eller ring Helén Petersen på 481 30 020.

Sjå og www.halsnoykloster.wordpress.com

Du kan og ta kontakt med Øyvind Hjelmen på oh@oyvindhjelmen.com

Se også: http://foto.no/cgi-bin/articles/articleView.cgi?articleId=43805

http://foto.no/cgi-bin/articles/articleView.cgi?articleId=43752

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s