Street art på Halsnøy kloster

Posted on Updated on

Street art er eit flyktig fenomen. Den dykkar opp i bybildet, er der ei lita stund og forsvinn igjen. Dei gamle klostermurane på Halsnøy har ligge på same staden i 700 år. På Kulturminnedagen 2010 møtes desse to ulike  estetiske utrykka under mottoet: «Nytt liv i gamle kulturminne».

Kulturminedagen 2010 vil bli markert på Halsnøy kloster med eit møte mellom den flyktige gatekunsten og dei statiske klostermurane. Elevar og lærarar ved Sunnhordland folkehøgskule deltek under markeringa, som byd på ”måling” av gatekunst  på dei gamle klostermurane, performance, , fotodokumentasjon av lokal og international gatekunst, og mini-konsert.

Street art, eller gatekunst på norsk, er ikkje lett å definera. Utøvarane representerer eit mangfald av menneske og utrykk. Ofte er desse kunstnarlege utrykka humoristiske, har ein politisk brodd eller kommenterer noko me alle kjenner oss igjen i, når me beveger oss rundt i byrommet. I Noreg er Bergen den byen der gatekunsten i størst grad har sett sitt preg. I dei siste åra er fenomenet også byrja å gjera seg gjeldande i Sunnhordland.

Gatekunsten dukkar opp og forsvinn. Kva skjer når dette flyktige uttrykket møter dei sju hundre år gamle klostermurane på Halsnøy? Kva ny meining er det her som blir skapa?

Halsnøy kloster er eit av dei viktigaste kulturminna i Sunnhordland og ein stad mange av oss som bur i regionen har høyrt om. Me køyrer forbi når me skal til Kvinnherad eller Stord, men tenkjer ikkje alltid over kva denne staden ein gong har vore? Gatekunst er eit nytt fenomen som er i ferd med å dukka opp i tettstadane i Sunnhordland. Men mange av oss ser ikkje så nøye på den heller? Kanskje kan ein ved å føra desse to saman, få augo opp for dei begge på ein ny måte? Ved å la to totalt ulike kulturutrykk møtast, kan det skapa ny refleksjon kring begge.

medverkande:

Street-art: Ottar Øvrevik og John Cunningham

Performance: John Cunningham

Om Street-art: Jane C.S Junger

Mini-konsert: Eli Hårklau, vokal, og Geir Olav Akselsen, gitar.

…og innslag av elevar frå Sunnhordland Folkehøgskule…

Dette vert ei sjeldan oppleving, – kom, kom…

Velkommen til Halsnøy kloster kulturminnedagen søndag 12. September.

Inngong kr. 80.- Barn gratis. Frå kl. 16.00 – 18.00.

Advertisements

One thought on “Street art på Halsnøy kloster

    […] https://halsnoykloster.wordpress.com/2010/09/01/street-art-pa-halsn%c3%b8y-kloster/) #gallery-1 { margin: auto; } #gallery-1 .gallery-item { float: left; margin-top: 10px; […]

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s