Klare for Klosterdag…

Posted on Updated on

 Klosterdagen 2010

 

Laurdag 5 juni er det igjen klart for ”Klosterdag” på Halsnøy kloster med eit program som høver både for store og små. Og vi gler oss til å ta imot godtfolk frå heile Sunnhordland.

OPNING

Dagen vert opna offisielt av  vår trufaste støttepelar Fjelberg kraftlag, representert ved styremedlem Anne Sofie Kjeka.

Ordet vert så overlete til Kvinnherad Kommune ,som vil dela ut Kulturstipendet 2009 her på Klosterdagen. Det høver bra, då ein av mottakarane, Eirik Eriksen,  er ein av utstillarane våre i år. Dei andre mottakarane er Oda Hveem og Johanne Teigen.

 

 

Sommerutstillinga 2010  vert så opna i kjellaren.  I år vert det 2 utstillarar i kjellaren, Eirik Eriksen, grafikk og Sarah Reed, keramikk. Eirik Eriksen  har utstilling på klosteret som ein del av avtalen i samband med kulturstipendet, der mottakarane vert beden om å komme heim til Kvinnherad med ei utstiling av arbeida deira.Sarah Reed, keramikar, er kjend for mange. Ho stiller i år ut saman med Eriksen i kjellaren på klosteret.

I høvet klosteret og Klosterdagen har ho no produsert ein heilt eigen serie knytt til Klosteret og staden her. I løpet av våren har det vore samla inn avtrykk, bilete og ymse organisk materiale som no går igjen i ”Klosterserien” som vert lansert på Klosterdagen. Ein liten smakebit får de her i bileta frå den enno varme, nybrende keramikken tekne sist laurdag

            

Foredrag:

Deretter går det slag i slag med foredrag om den maritime soga til klosteret ved Arild Marøy Hansen, marinarkeolog frå Sjøfartsmuseet i Bergen. Han har med seg mange godbitar og bilete av funn som er gjort. Her får vi innsyn i nokre av puslebitane  i klostersoga som er lite kjende. Marøy Hansen er og  med-forfatter i boka om Halsnøy Kloster som no er i skriveprosessen.

Noko for borna

Noko for borna har vi med i år og, denne gong vert det teaterspelet ”Guds gjøgler”- etter eit middeladersegn med same namn,  omarbeidd av Astrid Elin Lønning ved Sunnhordland museum. Spelet vert framført av Astrid Elin og Erlend Pagander Tysnes. Erlend er ein ung kontaktsjonglør med erfaring frå både teater, dans og sjølvsagt sjonglering. Borna vil få høve til eit lite mini-kurs i sjonglering hjå Erlend etter spelet, ballar har vi sjølvsagt og.

 

 

Lyst til å prøva noko nytt?

Andre kan også få prøva noko nytt, kanskje har du lyst å prøva å flette pil-korger etc.?

Lise Nordfonn Angeltveit frå ”Kvist&Kvast” på Stord kjem og har eigen stand der du får høve til å prøva deg på pilfletting. Ho har med seg eksempler på kva du kan laga og du betaler etter det du lagar.

Oldefarbåten skal roast heim frå Stavanger!

John Arne Skjellevik med 7 roarar  skal ro oldefarbåten saman med to andre båtar heim frå Stavanger til Tysnes. Såleis  rekkjer dei opp historia rundt båten som oldefar hans bygde i 1854. Halsnøy Kloster vert landingsplass på eine ro-etappen mot Tysnes og vi tek imot dei på Klosterbrygga om veret vil ca. kl.1700. Skjellevik vil orientere om prosjektet med å få oldefarbåten heim til Tysnes. Roarane vil vera med oss resten av kvelden og skal overnatta på Klosteret.

Konsert i stovene

Vi avsluttar Klosterdagen 2010 med ein flott intim-konsert i stovene med visesongar Elin Furubotten og Tor Yttredal  på mellom anna saksofon. Konserten tek utgongspunkt i hennar siste cd ”Ein tanke unna”.

Vi fyller stovene så langt det går , men her kan det vere lurt å vera ute i god tid. Det vert høve å kjøpa seg noko leskande i samband med konserten.

Kafé

Frå vi opnar vil der sjølvsagt vera Klosterkafé der du kan kjøpa kaffi, thé og saft med noko søtt attåt. Gode, blide damer tek imot deg.

 Ei rekkje blide dugnadsfolk frå Venelaget og Sunnhordland museum vil vera med å syta for at du skal få gode opplevingar saman med oss på ”Klosterdagen 2010”. Ver velkomne.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s