«Eg byggjer meg ein båt » til U.S.A !!

Posted on Updated on

Undervsningsprosjektet «Eg byggjer meg ein båt», reiser til Mystic Seaport, Connecticut, USA i juni. Der skal dei ta del i den årlege trebåtfestivalen.  

Opplegget er utarbeida på oppdrag av Forum for Oppvekst i Sunnhordland (FOS), og har turnert i Sunnhordland dei siste tre åra. Det gjev 12-13 åringar ei engasjerande opplæring i korleis ein færing vart bygd, og kor viktig båtbyggjing var for Sunnhordland for 140 år sidan. Opplegget inkluderer både teater, song og forteljing, og tre aktivitetsstasjonar der elevane får spikke og pusse, navre og klinke, og sette saman ein færing i halv målestokk. Båten er laga av Egil Meland på Tysnes, og er eit smykke i seg sjølv! Borna får kjennskap til lokal båtbyggjarhistorie, og med seg heim får dei ein nøkkelhaldar med ekte klinka koparsaum.  

Det er trebåtmagasinet «Wooden Boat» som inviterer gruppa frå Sunnhordland Museum, etter å ha sett dei i aktivitet i Portsoy, Skottland i fjor. Den gongen vart dei inviterte av skottar som såg dei på festivalen i Brest, Frankrike, og sjølve dreiv eit ungdomsarbeid basert på færingbygging. Slik har prosjektet vore med og laga eit internasjonalt nettverk av pedagogar og formidlarar der aktivitet og båtbyggjing står sentralt. Dei som reiser er: Helen Petersen (avdelingsleiar ved Halsnøy Kloster), Johanne Øvstebø Tvedten og Bjørn Arve Lunde, alle tilsette ved Sunnhordland Museum.  

Mystic Seaport var ein kjend by for seglarane frå Tysnes, som tok del i det prestisjetunge «American Cup»-seglaset på dei store sjøane kring 1920-30. Kanskje er det råd å kontakt med etterkomarar etter nokon av dei? Gruppa vil i alle høve møte norskamerikanarar, og har med seg eit biletspel om færingbyggjing, laga av Tor Resser, Gunnar Bjørk og Sunnhordland Museum, med tekst og tale på engelsk.   

 Prosjektet blir støtta av Sparebank1 Vest, Samarbeidsrådet for Sunnhordland, WoodenBoat, med fleire.

Advertisements

3 thoughts on “«Eg byggjer meg ein båt » til U.S.A !!

    jane said:
    4. mai 2010, kl. 20:03

    Eg har jobba ein del med Jåttutstillinga og hadde hatt lyst til at amerikafararane kunne ha vore med over til Tysnes for å treffa gjengen der 🙂

    Kystsogevekene said:
    4. mai 2010, kl. 11:36

    Se om dere snapper opp litt informasjon og kontakter til Jåttmuseet /-prosjektet på Tysnes da, når dere er over. De jobber med en utstilling som skal opp på Våge, jeg regner med dere kjenner til prosjektet.

    Got tur!

      halsnøy kloster responded:
      4. mai 2010, kl. 12:23

      Skal videresende spørsmålet til Johanne 🙂 takk for respons!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s